
Kanaan
Earthbound
Overraskande, seigt og rifftungt frå Kanaan
No var det ikkje min relasjon til musikk eg skulle skrive om. Her om dagen fekk eg ein e-post frå eit plateselskap. Dei sendte meg lenke til eit band dei meinte eg burde sjekke ut nærare. Det var eit band eg aldri hadde høyrt om. Og frå eit plateselskap eg ikkje hadde noko inntrykk av hadde noko for meg. So eg var vel mildt sagt skeptisk. Likevel trykte eg meg vidare inn på lenka. Det er visst viktig å gå utanfor komfortsona si …
Kanaan er eit 100 prosent ubeskrive blad for meg. Det hjelp lite at presseskrivet namedroppar litt ymist: «Kanaan består av medlemmer fra et eklektisk utvalg av band, som blant andre Mall Girl, Daufødt, JUNO, Vegard & Ivar Band og Blodkvalt». Framleis heilt i mørkret her. Og når same presseskriv lovar at «Power-trioen Kanaan har begått et mesterverk av psykedelisk, jazz- og stoner-influert instrumental rock», so skal ein sjølvsagt ta det med ei klype salt. Det hadde jo vore dumt om plateselskapet IKKJE likte dette.
Etter ein litt usikker start med Prelude, var eg framleis skeptisk. Men når Return to the Tundrasphere dundrar i gang, er eg solgt. Dette er tøft! Seig, skitten gitar med eit drivande komp gjer meg umiddelbar fot! Dette er 8:41 med nedpå og seig stoner. Det minner meg om eit anna band eg har høyrt, men er ikkje heilt kar for å finne ut kven. Kanskje ei slags blanding av Golden Core og Haeve Blood and Die. Ikkje so viktig, for dette er tøft. Seinare, på låta Crash, nikkar dei faktisk bort i Sunn 0))), spesielt lydmessig.
I tillegg til dei allereie nemnde låtane, vil eg trekke fram den nesten 12 minutt lange Mudbound. Den er rett og slett drittøff! Eg likar alt med denne. Oppbygginga, dynamikken, riffa, trommene. Alt! I tillegg håpar eg at tittelen «Mudbound» referer til å «return to the mud» og Joe Abercrombie sitt univers. Eg håpar so mykje at det stemmer at eg ikkje vil sjekke det …
Earthbound er eit drivande godt album. Eg likar nesten heile. Mirage er kjedeleg og kunne godt vore utelata for min del. Og det det tok nesten ei heil gjennomlying før eg forsto at den er instrumental. Men det funkar so godt at eg ikkje la merke til at det ikkje var nokon vokal der. Snedig gjort! Dette albumet er verdt å bruke litt tid på!
Earthbound er ute 12. november.
FLERE ANMELDELSER
OMD - Bauhaus Staircase
OMD gjør som de har lyst og markerer sitt 45-årsjubileum på ypperste måte. >>
Steven Wilson - The Harmony Codex
Visjonæren innenfor progrock bryter alle regler og leverer et post-pandemisk mesterverk. >>
Adama Janlo - Misaligned
Brilliant og enestående begynnelse. En stemme det er vanskelig å glemme. >>
Kardang - Rizky Biznizz
Sørlandsbandet Kardang er ute med sin andre fullengder, og den gir deg rein, hard og pur rock ‘n roll. >>
Rival Sons - Lightbringer
Rival Sons gir ut sitt andre album for året, og Lightbringer står ikkje tilbake for det første. >>
Spurv - Brefjære
Spurv er tilbake med eit nytt og ambisiøst album, som imponerar med store orkester og tunge gitarar i skjønn harmoni. >>
Trevor Rabin - Rio
Forrige vokale soloalbum kom i 1989. 34 år, 50 soundtracks og 200 konserter senere knaller Trevor Rabin til! >>
Pseudo Fruit - Heavy Nydelig
En norsk trio med full klaff og tre rette: ferdigheter, referanser og kreativitet. >>