Addiktio består av Håkon Sagen (Gitar), Thomas Gallatin (Trommer) og Ruben Oma (Bass). Allereie før pandemien slo inn, var albumet ferdig, sjølv om det ikkje virka slik på tittelen, Anthem of The Year 2020. ”Tittelen fikk ei heilt ny meining for oss, etter kvart som året gjekk” Seier Ruben Oma i presseskrivet.

Det første som slår meg når eg høyrer dette bandet, er andre instrumentelle, progressive band som Liquid Tension, men også Dream Theater og The Winery Dogs. Med andre ord, Mike Portnoy ville lett sette seg bak trommene her, om han fekk tilbodet!

Og det står dermed heller ikkje tilbake hverken teknisk eller produksjonsmessig. Dette er jo også ein type musikk som krever god teknikk, og lyd, så slik sett skulle det berre mangle. Men likevel er det et imponerande nivå på denne utgivelsen i så måte. Låtane er også nokså varierte, med både akustiske parti, mykje melodiar, temposkifter og tunge riff.



Slik sett er alt som det skal vere, og godt er det! Dette er musikk som fint egnar seg både som bakgrunnsmusikk og for den meir aktive lyttaren, og eg er ikkje i tvil om at det ville vore veldig interessant å sjå desse karane live!

Når det er sagt, så kan det i lengda verte noko repetativt, og på grensa til travelt, ved enkelte høve. Nokre av songane har kanskje litt for mange repitisjonar av det same temaet, og når alt er instrumentalt, får ein heller ikkje den vokale avvekslinga. Det er også bandet klar over, og uttalar at dei jobbar for å lage musikken så interessant og engasjerande for lyttaren som mogeleg. Musikken er også kreativ, men sett opp mot anna musikk i dette landskapet, likevel ikkje unik. Det kan ein då heller ikkje kreve, men ein føler likevel at ein har høyrt liknande songar før.

Men alt i alt er dette ei godt gjennomført plate, som ikkje står tilbake for anna musikk innen denne sjangeren.