Kva passar vel betre enn å starte helga med litt psykedelisk industridoom? Ikkje særleg mykje, om du spør meg. Det gåtefulle tomannsbandet kjent som All Are To Return kombinerar desperat og rå vokal med voldsom synth-perkusjon og kraftige bassriff. Unnfanga og født i ei tid der vi alle var satt i tvungen isolasjon, presenterte den fyrste EP’en til duoen, All Are To Return utgitt i oktober i fjor, ein støyande industriell doom med ein eksperimentell edge, med like delar brutalitet og ei pressande kjensle av frykt.

Omtrent akkurat eitt år seinare er All Are To Return klare med ein ny EP med den akk so originale tittelen All Are To Return II. Dei fortset der dei slapp, og likte du forrige EP, kjem du til å digge denne. Om du ikkje kjenner AATR frå før, kan kanskje andre namn som Author and Punisher, The Body eller Wreck and Reference nikke litt mot kva du kan ha i vente.

EP’en skal visstnok vere ein refleksjon over dynamikken i rom og innesperring. Dei ulike komposisjonane er harde, men likevel delt i fleire lag. Det er nyansar i uttrykket - vokalt responsiv og konfronterande, gitarar som skjær seg inn i tette synthdronar, enkel, nesten fråverande melodi som bryt ut blant pulserande støy. Dette kunne lett vore filmmusikk. Det er ei nifs stemning frå det aller fyrste vindpustet i opningssporet Carceri til det heile fadar ut i ei dronete gitarfuzztone på Desiring Machines. Det er noko creepy som ligg der, nokon som står og stirar på deg frå mørkret. Ein du ikkje ser, men heilt klart aner. Noko som gneg heilt inn i margen og skaper ei nerve.

Dette er ikkje musikk ein skal danse til, for å sei det slik. Dette er musikk som skaper stemning, som får deg til å kjenne på eit slags ubehag. På ein god måte, altso. Om det går an. Litt som å sjå filmar som tek opp noko viktig, men uggent. Noko du ikkje vil sjå på, men ikkje klarer å snu deg vekk frå. Som ei bilulukke du køyrer forbi, og sakkar ned for å sjå om du ser noko ekkelt.

No kan det vere lett å tru at det er musikk for dei meir eller mindre deprimerte, men eg meiner faktisk det heilt motsatte. Dette er musikk som gjer meg positiv og oppstemt. Etterpå. Det er vanskeleg å sette fingeren på kva det kjem av, men det iallfall slik det er. Kanskje det seier noko om meg? Kanskje ville ein psykolog hatt eit kvart ho ville sagt til meg? Det er uansett utruleg forfriskande musikk.

All Are To Return II er ein strålande EP. Det som trekk mest ned, er at den godt kunne vore lenger! Men om du lytter til den saman med EP’en frå i fjor (som for øvreg er enno kortare), har du snaue 50 minutt der du blir opna for ei heilt anna verd. Kanskje desse to EP’ane er manifestasjonen for korleis duoen har hatt det inne i seg under smittenedstenginga? I so fall har dei hatt det kjipare enn meg …