Då eg fekk mogelegheita til å anmelde denne plata, visste eg ikkje heilt kva eg gjekk til. Og når eg skriv dette, veit eg framleis ikkje heilt kva eg har høyrt. Slik sett er nok Drongo ganske unike, ikkje berre her til lands, men truleg lenger ut også. Musikalsk er dette ei blanding av rock, støy, ambient og disco, noko i alle fall eg ikkje har hørt noko særleg av tidlegare.

Det startar med den mystiske førstesingelen Padde. Den startar ganske lett og dansbar, og suggerar deg inn i sitt lydbilde, slik heile plata gjer. Og til lenger inn du kjem, til meir overveldande og skummelt blir det! Dette er som å bli leia inn i ein skog ein varm sumarsdag, for så og bli lurt inn i ei grotte som lagar skumle lydar.
Det held fram med Melrakkken. Her slit eg litt meir med å la meg fengje, og det repetative mønsteret, som for så vidt er framtredande på alle songane, vert litt for suggerande og repetativt for min smak. Mot slutten tek også eit nytt melodisk tema over, og det heile vert litt “overload” i mitt hovud.



Midt på plata finn vi Kongro. Her er vi inne på det mystiske og småskumle igjen, og dette er musikk som kunne ha passa fint inn i ein skrekkfilm. Det vert eit rolig mellomparti, før det til slutt eksploderar i likheit med sporet før, men denne gongen i full grøssarmodus, der du nærast kan sjå føre deg mørke gangar med flimrande lys, og ein gal øksemordar på veg rundt hjørnet.
Flaggermus er av det litt meir lystige slaget igjen, og her synest eg igjen det vert behagelig og fint å høyre på. Her likar eg også mellompartiet mykje betre, og oppbyggninga etterpå. Dette er fengjande, dansbart og rett og slett eit imponerande stykke musikk!

Det heile avsluttar med Blekksprut. Her er vi over i eit drøymande landskap, som i likheit med resten av albumet, dreg deg inn i si eiga verd. Denne er også fin, i alle fall innleiinga, men bikkar kanskje litt over mot slutten, utan at det eigentleg gjer så mykje i dette tilfellet.
For å konkludere må det aller først seiast igjen: dette er upløgd mark for underteikna. Dermed vert det vanskeleg å sitje å vurdere om det er bra eller dårleg. Noko er fengjande, og noko er litt for “far out”. Men ei oppleving er det utvilsamt, noko eg også er ganske sikker på dette er live. Så få med deg både plata og bandet på konsert, då vil du i alle fall få oppleve noko utanom det vanlege!