The Doomsday Party
The earth is flat,rock is dead and Bob's yer uncle
Den relativt nye gruppa The Doomsday Party er ute med sin tredje utgivelse på tre månadader.
Bandet består i hovudsak av Erlend Færevåg (gitar), Ole Gaard Varhaug (vokal) og Espen Knutsen på trommer. Ole og Erlend har spelt saman sidan tenåra, mellom anna i metalbandet Overthrow. No er dei i gang med eit nytt prosjekt, og på scena har dei med seg ein større gjeng for å spele.
Og dei er produktive. I januar kom debutplata We, their ghosts, før epen Chocholate for the Whitches kom i februar. Og sjanger er ikkje veldig fastlåst. Men mens dei to første var alt frå pop, rock og boogie, er det punk som gjelder denne gongen.
Etter en kort, smådramatisk intro brakar det laust med Knocking on Nihilisms Door. Det første som slår meg er at dette er temmelig særegent, men småkult. Det er som ein rar cover av ei ukjent Ramoneslåt, noko som er artig nok i seg sjølv. I ein verden der mykje høyrest likt ut, er det kjekt å høyre noko som skil seg ut!
Beach Boy er eit litt anna litt anna landskap, der Blink 182 møter Beach Boys. Denne er også finurleg, men gir meg ikkje like mykje som åpningssporet. Den vert følgt opp av I’m Black Metal, som naturleg nok handlar om ein person som “er” ekte black metal. Her er det mykje humor å spore, men også sannsynlegvis noko som er basert på reelle observasjonar. Linjer som “I tried being a ordinary guy, but then i heard A Blaze In The Northern Sky, I’m black metal”, er gull!
Den artigaste låta kjem derimot til slutt, med Eric Cantona. Ein song om å ønske å bli bestevenn med fotballegenda, som fungerar veldig bra! “I love you from my heart to the Stretford End” er fantastisk! Og her er dei tilbake i Ramones-landskapet, som set som eit skudd!
Det beste med denne gjengen er at dei ikkje tek seg sjølv høgtidelig, i det heile tatt. Det viser igjen i musikken, og dei brukar ulike sjangrar, humor og leikenheit til å lage noko særeigent. Ikkje alt er av det mest revolusjonerande, men to av fire spor er veldig gode, og med det tempoet denne gjengen har i produksjon av musikk, er det berre å sjå fram til neste plate, som visstnok skal vere meir inspirert av Motorpsycho og Ween.

FLERE ANMELDELSER
Jon Anderson & The Band Geeks - Live – Perpetual Change
Holder stemmen til ex-Yes-vokalisten på 80? >>
Beck - Singler og medvirkelser 2020-2025
Etter 6 år uten album fra Beck, men en rekke singler og samarbeid, er det på tide med en samlet anmeldelse >>
Yndling - As Fast as I Can og It's Almost Like You're Here
Noen har hvisket Yndling noe i øret om produsering >>
Sharon Van Etten - Sharon Van Etten And The Attachment Theory
Suksessfull kollaborasjon i splittelsens tid >>
Avantasia - Here Be Dragons
I over 20 år har Tobias Sammet invitert ulike artistar til sitt Avantasia-prosjekt. Denne gongen går han tilbake til røtene. >>
Levi Henriksen & Babylon Badlands - Aldri var november så lys
Tidenes første livealbum fra Kongsvinger >>
Ulver - Liminal Animals
Ulver leverer framleis musikk på sin måte og med høg kvalitet på Liminal Animals >>