The Cruel Intentions
Venomous Anynomous
The Cruel Intentions er tilbake med si andre plate, som leverer ein finfin kombo sleazerock og metal.
Bandet består av Lizzie DeVine (Gitar, Vokal), Kristian Solhaug (Gitar), Mats Wernerson (Bass), og Robin Nilsson (trommer). Musikken hellar mest mot sleazerock, men har ei god dose metal i seg. Saman med vokalen til DeVine, gjer dette at det vert ein solid totalpakke.
Det startar i alle fall med eit brak, med trioen Reapercussion, Venomous Anonymoys, og Sunrise on Sunset. Tittelkuttet er kanskje det beste på plata, med ein fantastisk energi. DeVine skrik så ekstremt på ein del av låtane, at ein fryktar for stemma, men sabla kult er det, og passar godt til stilen og imaget. Han viser også at han kan synge også, til dømes på Salt i ditt sår. Denne ballada er også med på å vise spennet på plata.
Og nettopp det er det som også gjer plata så bra. Då eg sette den på første gongen, tenkte eg at dette ville verte for likt og einsformig i lengda. Men den tanken har vorte motbevist! Her er det melodiar, tunge riff, mørke tekster, festing, kjærleik og mykje glede. Og den raude tråden er speleglede og råskap i utrykket. Eg har spelt denne plata mykje dei siste to vekene, og den har verkeleg sneke seg under huda mi, og viser seg variert og dynamisk plate. Det er godt gjort, spesielt i ein slik sjanger.
Dette rimar godt med det bandet sjølve seier i presseskrivet, der dei beskriv prosessen med andreplata som meir gjennomført, og at dei no har fått det lydbildet dei har ønska heilt frå starten av. Dette ved god hjelp av produsent Erik Mortensson (Eclipse).
Likevel er dette eit utrykk og ein sjanger som ikkje alle tek med det første, og sjølvsagt er det mykje likt, som i alle sjangrar. Men totalt sett står Venomous Anonymous igjen som ein svært positiv overraskelse for underteikna. Party on!
FLERE ANMELDELSER
Chelsea Wolfe - She Reaches Out To She Reaches Out To She
Chelsea Wolfe sitt syvende studioalbum er hennes sterkeste utgivelse på flere år. >>
Metteson - Look To A Star
Etterlengtet og solid debut etterlater oss tilstrekkelig forsynt heller enn sulten på mer. >>
Bokassa - All Out Of Dreams
Bomber og granater, kuler og krutt. Bokassa leverer blitzkrieg rock full av høyspenning. >>
Skvadron - Står i Flammer
Det nokså ferske bandet Skvadron er ute med sitt andre album, og det har vorte ei berg og dal-bane, fylt av energi, høge toppar, og eit par skarpe svingar. >>
Sivert Høyem - On An Island
Nordlys i lydformat. For å oppleve nordlys må man være tålmodig og i riktige omgivelser. Med det som premiss er Sivert Høyem ikonisk. >>
Marika Hackman - Big Sigh
På sitt første album på 5 år er Marika Hackman tilbake med et album som kan best beskrives som trygt. >>