Alle likar Metallica. Bror min introduserte meg til dei for om lag 20 år sidan. Kona likar dei også. Svogeren er blodfan. Til og med mor mi har sagt at ho likar dei. Eg også. Men nokon blodfan er eg nok ikkje. Og dei siste platene har absolutt hatt ein del gode spor, sjølv om eg ikkje har teke meg sjølv i å gå tilbake til å høyre dei igjen. Det er vanskeleg å setje fingeren på kvifor, men slik er det ofte med dei største banda. Alle har eit forhold til Metallica, AC/DC, Guns ‘n Roses og Iron Maiden. Og med sistnemnte har eg høyrt platene mange gongar.

Men altså ikkje med Metallica. Dei lange låtane har liksom ikkje klart å fengje meg slik som dei klassiske låtane gjorde. Men dette albumet kan verte unntaket. Dei første gongane eg høyrte plata hadde eg rett nok same følelsen, då plata er lang som ein liten film, og med dei fleste låtane på over 5 minutt. Men sakte men sikkert har eg innsett at dette er solide saker.



Både opninga med 72 Seasons og Shadows Follow er noko av det beste dei har laga på veldig lenge. Førstnemnte er ei perfekt opningslåt, med eit ekstremt bra refreng. Ok, den er kanskje litt lang, men la gå, for dette er knallbra! Og Shadows Follow er ikkje noko dårlegare, her merkar eg ingenting av at den klokkar inn på 6.12! Og etter den gode singelen Screaming Suicide får vi ei litt seigare låt i Sleepwalk my Life Away. Nesten litt greitt etter den frenetiske starten på plata. Og også denne er bra laga, sjølv om eg ikkje heilt klarer å plassere den oppe med dei to første.

Men ein ting er i alle fall like bra som alltid, nemleg Hetfields vokal! For ein prestasjon frå ein mann som har passert 72 Seasons og vel så det. You Must Burn! Er også av det seige slaget, og kan minne om Sad But True i tempoet. Og akkurat det at ikkje alle låtane går like fort er vel kanskje greitt for fire karar som begynner å dra på åra. Og her kjem ei låt som godt kunne vore korta ned for min del. For nokon er det kanskje ein fin bonus med lange låtar, men denne kunne lett vore 3-4 minutt for min del, sjølv om eg forstår dei vil ha inn nokre soloar på slutten.



Og då er det kanskje ikkje så vanskeleg å forstå at Lux Æterna er ei av mine favorittar på plata, som klokkar inn på berre 3.22. Perfekt levert! Den vert fylgt opp av Crown of Barbed Wire. Og her motbeviser bandet meg med ei litt seigare og lengre låt som fungerer bra! Det er meir variert, og fleire element enn berre vers og refreng som gjer det til ein bra komposisjon. Og Papa Het syng igjen fantastisk!

Chasing Light dreg opp tempoet igjen, og har eit herleg driv, og eit refreng som set som ei kule! Singelen If Darkness Had A Son var eg også litt usikker på i starten, men den har også vekse på meg. Og igjen er det den fandenivoldske vokalen på refrenget som verkeleg gjer låta, saman med eit hardtslåande band, sjølvsagt. Too Far Gone? Er leiken og fin, og klarer også på finurleg vis å fengje meg. Her kosar gitaristane Hetfield og Hammet seg med mange kjappe soloar, til og med tostemt! Og avslutninga på plata, Inamorata, er meisterleg gjort, og kanskje ein komande klassikar.

Totalt sett er det også det som har skjedd, Metallica har overbevist meg om at dette er ei av dei betre platene sidan Black Album. Ja, eg veit korleis lyden kjem til å vere. Og ja, det er ein del som kanskje vert for langdrygt. Men! Dette er ekstremt solid gjennomført, overraskande variert, og eit heilstøpt album som er veldig fint bygt opp som nettopp det, eit album. Det gjer at eg vert overbevist, og at eg faktisk har fått lyst å gå å sjå dei live igjen. Lenge leve Metallica!