Tales of Dhvaras
Full speed or nothing
Rifftungt debutalbum frå Tales of Dhvaras
Riffing er ein kunst som løftar dei fleste låtar med fleire hakk. Om det blir gjort rett. Tales of Dhvaras gjer mykje rett på Full speed or nothing. Dette er eit album som tek meg tilbake til tidleg 90-tal, men òg rett inn i Darkthorne per i dag. Mørkt og tungt som rakkern!
I følge bakmann og primus motor for bandet, Kyrre Riksen, er dette eit album som skal hylle riffet, og spesielt slik dei spelte det der han er frå: Stovner Rockefabrikk. Samtidig får eg ei kjensle av at det er eit slags manifest til seg sjølv då han var ung. Kva ville du sagt til deg sjølv om du kunne reise tilbake i tid og gje deg sjølv gode råd? Det er kanskje eit vanskeleg spørsmål, det er so mykje ein kunne sagt. Kyrre er krystallklar: Ikkje overtenk ting, berre gå full speed or nothing! (Han ville nok sjølvsagt sagt det på bokmål ...) Dette albumet prøver å kople fortid med notid, og eg synes at ToD får det godt til. Eg få heilt klart assosiasjonar til den gode gamle thrashen med sine riff, men òg tidleg kjeller-svartmetall med eit hint av inspo frå folkemusikk.
Det er eit variert album som har mange ulike stemningar. Utan at det blir all over the place. ToD balanserer meisterleg på knivseggen og drar dette i land. Noko av det eg set veldig pris på er at eg ikkje har høyrt bandet før! Eg elskar det når eg får tilsendt noko som berre treff meg i magen! Knall! Eg håpar bandet blir å sjå live med det fyrste. Og kryssar fingrane for at dei leverer like bra live som digitalt.
Førebelse favorittar er nok tittelsporet Full speed or nothing og avslutningssporet Geiranger. Båe er gode bileter på albumet og har riff eg er sikker på Tony Iommi ville vore stolt av!

FLERE ANMELDELSER
Backstreet Girls - In Lust We Trust
Finn frem skinnjakken og dine trangeste jeans. Backstreet Girls er ute med ny skive og leverer rock and roll på flere måter og områder som bare de kan. >>
Sweetheart - I Will Love You When The Morning Comes
Mer av det samme fra lavmælt, melankolsk nordicana-duo >>
Alice Phoebe Lou - Shelter
Et beroligende og oppløftende album om selv-verdsettelse og kroppslig autonomi. >>