Kvelertak
Endling
Eit komplett kunststykke av ein Kvelertak-klassiker.
Kvelertak har det med å levere brutalt solide album, men med femtealbumet Endling har sekstetten overgått seg sjølv så til dei grader.
Dette er klassisk kvelertaksk i n-te potens. Med andre ord er det meste bygd på same lest som tidlegare. Vi har berre fått meir av det beste. Mykje meir.
Det er rått og riff-tungt som aldri før. Det er velkjende musikalske Kvelertak-knyttnevar rett i trynet – akkurat slik vi set så stor pris på. Det er hakket meir melodisk enn før. Det er langt meir raffinert. Det er meir organisk. Meir variert – både på grunn av leikne arrangement, velplasserte brekk, kledelege taktskifte, og fleirfoldige episodar med flørting med raffinerte gitarkor som knapt nok Brian May kunne ha gjort betre.
Og ikkje minst: albumet som heilheit er det udiskutabelt beste Kvelertak har levert, noko som er eit kunststykke i seg sjølv når dei har dratt med seg ikkje mindre enn tre produsentar i studio. Men samstundes er det kanskje også bruken av tre ulike produsentar som bidreg til at eg opplever albumet som såpass dynamisk og variert?
Kvelertak er utan tvil eit av dei beste banda du kan oppleve på ei scene. Den same energien synest eg har mangla på samtlege Kvelertak-album. Fram til dags dato. For på Endling har sekstetten for fyrste gong også greid å gjenskape livekjensla på eit heilt album. Herleg!
Til vanleg høyrer eg utelukkande på fysiske eksemplar når eg skal anmelde eit album. Det er noko med totalpakka, som berre eit fysisk eksemplar med 12 tommars herlegheit ikledd eit fysisk cover kan by på, eg meiner ein skal ta hensyn til når ein fyrst skal ta seg tid til å vurdere eit komplett album.
Men tilfeldigheitene ville det slik at eg var på veg nordover langs kysten frå Stavangar, fødebyen til bandet, da eg fekk tilsendt ein link til den digitale utgava av Endling. Freistinga på heimreis til Skjåk vart for stor. Eg måtte berre setje headsettet godt på plass og trykke på linken.
(Na)turen kan sjølvsagt ha farga fyrsteinntrykket mitt av albumet. Det er i alle fall ingen tvil om at musikken, og ikkje minst tekstene, fekk ei ekstra tydeleg meining der vi snirkla oss fram på svingete vegar mellom snaue lyngheier. Kanskje ikkje så rart at kjensla kom nettop der når delar av albumet er inspirert av Helmut Von Botnlaus – ein mann som levde av naturen, og ikkje minst kjempa for naturen.
Uansett vart inntrykka berre sterkare og sterkare når eg endeleg kom meg heim og byrja på den vanlege, nitidige anmeldarrutina mi: minst fem gjennomlyttingar i fred og ro heime i mannegrotta på loftet.
Endling startar med albumversjonen av Krøterveg te helvete. Du skal vera rimeleg tøff i trynet for å innleie eit album med ein nesten fire minutt lang intro – godt over maksgrensa til det som blir ansett som publikums- og radiovenleg. Men Ivar, Marvin, Vidar, Maciek, Bjarte og Håvard er akkurat såpass tøffe i trynet. Og dei kjem seg sjølvsagt velberga unna med det.
Ein lang og heftig intro blir innleia med eit gitarøs frå ville helvete. Det er brutalt riff-tungt, noko som kunne gått rett åt skogen dersom ein hadde gått rett i «ta alle riffa vi har og klypp det saman i Pro Tools-fella». Men dette er usedvanleg smakfullt sett saman. Ei praktopning – mykje takka vera introen som kompletterer singelversjonen vi fekk som forsmak på albumet.
Bandet tek det ørlitegrann ned med andrelåta Fedrekult. Om det i det heile teke er lov å si når du får tydelege, urnorske black metal-vibbar allereie tidleg i låta, før Håvard Takle Ohr innleier gildet på Fedrekult - ei klassisk Kvelertak-låt med heftige, tighte riff.
Når eg fyrst har namedroppa Håvard, dristar eg meg til å gje litt ekstra kred til ein trommis som utan tvil har tilført bandet mykje, og som så absolutt skal ha ein stor del av æra for at Endling er både meir variert og raffinert enn nokon gong.
Motsols gjev oss albumets kortaste låt. Drugt tre minutt som læt tøffare enn toget, men som har ei tekst som kan få sjølv den røffaste rockaren til å felle ein tåre.
Låta får også ein ekstra dimensjon når vi i den sedvanleg lekre albuminnpakninga les at sjølvaste Frank Hammersland har sett sitt preg på låta som korist.
Det skulle ta meg heile seks gjennomlyttingar før eg vart nokonlunde komfortabel med banjo og hestepunk-innslaget som brått og uventa dukkar opp etter den brutale opninga på Døgeniktens kvad. Den einaste antydninga til eit svakt augeblikk, men som utruleg nok funkar fint når blir meir kjent med låta.
Tittelsporet Endling byr på nok ein velkomponert, og ikkje minst velarrangert, lekkerbisken. Ei beint fram genial oppbygging av refrenget. Nydelege gitarharmoniar. Eit øs pøsande gitarcrescendo der andre runde av soloen ender opp i eit herleg klimaks i beste Brian May-tradisjon. Det fyrste av fleire hint til dei velkjende gitarkora i Queen.
Den same leikne flørtinga med dei umiskjennelge gitarkora til Queen-gitaristen dukkar jammen opp Skoggangr også. Fyrste gong omtrent midtvegs i låta. Deretter på nytt etter knappe fem minutt, før låta blir avrunda med ein kledeleg og lang outro. Dette tenderer til episk.
Paranoia 297 og Svart september gjev oss enda meir Kvelertak-kos, før sekstetten serverer eit praktverk av ei avslutning, Morild. Vi får ein episk start på ei episk låt. Stort meir er det ikkje å seie. Dette er nesten åtte magiske minutt med rein nytelse.
Det finst sikkert ein og annan sjølverklært blodfan som har vore med heilt sidan byrjinga på soga om Kvelertak, og som synest det blir i overkant mange melodiske innslag og for mykje raffineri.
Til dei har eg berre ein ting å seie: gå rett i skammekroken og ta deg ein jævla bolle. Dette er ein knallhard klassiker. Udiskutabelt det beste albumet Kvelertak har gjeve ut. Punktum.
For deg som vil ha litt augesnop i tillegg til øyresnop: her har du videopremiera til tittellåta:

FLERE ANMELDELSER
Levi Henriksen & Babylon Badlands - Aldri var november så lys
Tidenes første livealbum fra Kongsvinger >>
Ulver - Liminal Animals
Ulver leverer framleis musikk på sin måte og med høg kvalitet på Liminal Animals >>
Great Tide - Daywatcher
Kvalitet, kvalitet og atter kvalitet. Great Tide leker ikke, de feinschmecker det! >>
Sondre Lerche - Two Way Monologue - 20th Anniversary
Et av hans beste album, nå på vinyl med 4 eksklusive bonuskutt >>
Paul McCartney & Wings - One Hand Clapping
Paul McCartney og Wings byr på en liten skattekiste med nye og gamle låter i den kinoaktuelle dokumentarfilmen "One Hand Clapping". >>