Golden Core er ute med sitt tredje studioalbum. Kosmos Brenner har blitt eit heilstøpt album med ei fortelling om lyset og mørket. Om møtet mellom kaoskrefter, om balansen mellom motsetningane som er so viktige for mennesket. Samtidig tar det opp dualiteten i ulike ting. Enkelte ting kan vere det beste ein kan tenke seg, men samtidig kan for mykje av det drepe deg!

Kosmos Brenner er ei samling av norrøne tekstar Johannes Thor Sandal har oversatt til norsk saman med sin far (og manager for bandet). Desse tekstane handlar alle om Livet i motsetningar. Denne tematikken blir belyst gjennom fortellingar frå Æsatrua. Blant anna i Tåkeheimen som handlar om den livlause urjotna Yme som bur i Ginnungagap, eller det store gapet. Yme avlar fram rimtusseætta ved at det høgre beinet parar seg med det venstre. Dette truar balansen, og gudane drep difor Yme, og av kroppen hans blir verda og kosmos (slik vi kjenner den/det) skapt.

Albumet startar med Ár Var Alda, eit kort instumentalspor som set stemninga. Det er ganske roleg og fint. Tittelen betyr «det var ein gang» og bygg opp under det eventyrmessige i fortellinga på albumet. Det er òg eit kompositorisk grep bandet har gjort for å understreke dette med balanse. Musikalsk bølgjer Kosmos Brenner fram og tilbake mellom Simen sine feite, tunge riff med Johannes Thor sine gutturale vokalprestasjonar, og dei rolegare intermessoane der dei har blant anna lyden av rennande vatn, bål som brenn, osb. I følgje bandet har dei bygd opp låtane slik at dei skal svelle og utvikle seg utover, og samtidig nærme seg og kome neste låt i møte.

Kosmos Brenner er eit meir gjennomført, gjennomtenkt og dynamisk album enn Fimbultýr. Denne gongen har dei lyst til å vise eit større spekter av musikalitet, og har gjort låtane meir varierte i intensitet og uttrykk. Eg har veldig lyst til å trekke fram De Dødes hær. Dette er ei låt som i seg sjølv er tøff som snus, men den har so mange lag som eg diggar. Den utruleg kule synkoperte riffinga på versa, intensiteten i refreng, og det meisterstykket der dei får sangen til å høyres ut som ein bilmotor. Det er som om ein sit i ein bil og høyrer på korleis duren av motoren endrar seg i takt med farta og korleis kvart høgare gir gjer meir intensitet og trøkk. Eg bøyer meg i hatten!

Lydmessig er det heilt klart Golden Core, samtidig som dei leverer noko nytt. Albumet er spelt inn i Aber Studios og er produsert av Yngve Andersen frå Blood Command. Andersen har saman med JT og Simen gjort ein aldelse utmerka jobb. Dette lyder tøft. Piggtråtøft!

Gnister av ild
I Ymes hode
Sol og måne

Ild fra sør
I det store gap
Is den elter
Varmen smelter