Bandet som fekk spele på Roskilde etter å berre å ha gjett ut to låtar er no endeleg ute med debutalbumet sitt. 2 år etter oppstarten. Det var etterlengta, og dei skuffar ikkje.

Det har vore skrive og meint "i huet og rævva" om Witch Club Satan. Dei har møtt motbør frå mange (spesielt) gubbar i metallmiljøet: Hype! Teater! Tre kvinner som geitar seg til! Melke svartmetallkua! Kun for å provosere! Eg veit ikkje kva grunnen til dette er. Kva er dei redd for? For min del synes eg det er kul musikk, og det held i massevis for meg. Det er difor eg er her Og å kritisere dei for det teatralske bit jo berre seg sjølv rett i svartmetallræva. Det er få sjangrar som er meir teatralsk enn svartmetallen, for å seie det sann.

Nok om det.

Witch Club Satan har blitt eit gjennomført og intenst album. Opningslåta Birth gjer det heilt klart at dette er rått og brutalt. Det er ein intensitet og energi i dette som veltar ut av høgtalarane. Skiten, grumsete og full av attitude og meiningar. Tittel og tekst gjer det jo til eit openbart fyrstespor. Albumet blir født på denne låta, og den set tema for albumet ganske tydeleg: Låta fortel om kjensla av at kvinner ofte blir sett på berre som ei maskin som skal produsere, som skal syte for at mennesket held seg i live.

Eg skal innrømme at eg var litt skeptisk då eg kom til Mother Sea. Dette er eit kvileskjær og ein veldig roleg låt, og eg tenkte umiddelbart at eg ikkje likte heilt det komplette og uventa temposkiftet, men har etter fleire lyttingar endt på at eg likar det. Det er nok ein finger til alle andre om at dei gjer som dei vil, og at dei ikkje er opptatt av å gjere som alle andre vil dei skal gjere, eller det sjangeren "krev".

Eg likar produksjonen veldig godt! Det minner meg om tidleg svartmetall, og utfyller det musikalske veldig godt. Albumet er produsert i studio til Anders Odden (Cadaver, eks. Mayhem) og har ein trio av produsentar. I tillegg til Odden har Sindre Nicolaisen og Vetle Junker produsert. Ein artig trio, spesielt med tanke på Junker som er mest kjent for pop og jazz. Det har openbart funka godt, for albumet har ein god produksjon.

Det som treff meg so godt med Witch Club Satan er dei "enkle" riffa og at det musikalsk er so nedpå og nakent. Dei held det enkelt og røft. Bass, gitar og trommer. Enkelt og greitt. Ein treng ikkje meir. Og eg DIGGAR det vokale. Eg trur på dei. Eg trur dei er forbanna på ting og at det er mykje urett og urettvise mot kvinner dei MÅ seie frå om. Dei seier i eit intervju med Musikknyheter at dei gjekk inn i dette prosjektet på grunn av konstruktivt sinne. Dei ville seie frå om urett og gjere det på ein måte som ga meining for dei. Dei ville finne eit ekstremt uttrykk, og då var svartmetall eit enkelt val. Sjølv om dei var innom noko indie-opplegg på vegen.

Witch Club Satan har blitt eit meget kult album og lever opp til forventningane. Det er høgt anbefalt til alle. Og hugs at dei speler på Rockefeller 8. mars. Ei verdig markering av Kvinnedagen.