Maldito
Contact Light
Kjenner du ikkje til Maldito? Då er det på tide å sjekke ut deira nye plate!
I februar i fjor fekk eg ein mail frå eit, for meg, ukjent band. Dei hadde gjeve ut ein ny singel, Voices, frå sitt komande album, og lurte på om eg kunne sjekke den ut. Det gjorde eg også, og likte den, men tenkte eigentleg ikkje så mykje meir på det før eg fekk spørsmål om plata også. Og for ei plate det er!
Men kanskje heller ikkje du kjenner til Maldito? Dei vart danna allereie i 2015, då både Bendik Breivik (gitar) og Vegard Ring (vokal og gitar) gjekk på LIPA, og danna bandet saman der. To år seinare var dei ute å spelte i Tyskland, og vart invitert til å skrive låtar med Sir Paul McCartney. Men sidan dei tenkte dette kunne kome i vegen for bandets framgong, takka dei nei! I starten var det tunge bluesinspirasjonar i rockesoundet, og i 2021 kom debutplata Heartlands, som framleis hadde ein del blueselement i seg.
Denne gongen har dei derimot utvida repertoaret enda meir, og leflar også med progressive element. Men det er lett og fengjande likevel, og dei finn ei fin balanse mellom drivande riff, endrande rytmer og gode melodiar. Den drivande åpningslåta Moon and the Stars er eit eksempel på dette, og kan nesten minne om noko Muse kunne ha laga.
Plata er også fint krydra med små instrumentale mellomspor, som bidreg fint til ein heilskapleg følelse på plata. Og spesielt første halvdel av plata, med spor som Miracles, The Clown, og singelen Voices er ein rein fornøyelse å høyre på. Det same kan ein også seie om låta som avsluttar plata, Nothing. Her er det frie tøylar på det meste, og det vert etter kvart ein rein improvasisjonsfest.
Så her har i alle fall Maldito fått ein ny fan, og vi for håpe at det vert fleire mogelegheiter enn sleppkonserten i Trondheim til å sjå desse karane på ei scene i sommar!

FLERE ANMELDELSER
Paul McCartney & Wings - One Hand Clapping
Paul McCartney og Wings byr på en liten skattekiste med nye og gamle låter i den kinoaktuelle dokumentarfilmen "One Hand Clapping". >>
David Gilmour - Luck and Strange
Nei, David, dette er ikke det beste du har gjort siden The Dark Side of the Moon. >>