Malabari
Down The Maelstrom
Ung energi!
Malabari stammar frå Trondheim, og besår av fem karar. Saman har dei allereie oppnådd ei pallplassering i den nasjonale finalen av Wacken Metal Battle, og etter eit par singelslepp, er dei no klare for å vise fram fullengdaren Down The Maelstrom.
Det heile startar med noko som kan minne om mangt et konseptalbum. Lydar av bølgeskvulp, rolig pianomusikk, og ei djup stemme som seier noko skummelt. Deretter brakar tittelsporet laust med eit klassisk metal-riff, som tek oss med ned i dragsuget. Men utanom denne opninga, er det ikkje fleire referansar til konseptplater, utanom at det reint tematisk handlar ein del om livet på havet.
Dette gjer heldigvis ingenting, sidan musikken her både er tradisjonell og variert. Bandet brukar alle gamle triks i rockeboka, men det er også tydeleg at dei er inspirerte av både klassisk rock, punk, metal og gode melodiar. Her får ein både vanleg rockevokal, og skriking av det litt hardare slaget.
Og det heile er balansert og fint, på ein måte som gjer at bandet på ein måte klarer å skape sitt eige utrykk, basert på sine ulike inspirasjonar. Opninga og "Forever Unswayed" er klasssisk metal, "Rebel Hearts" og "Blinded By Lies" har punkinspirasjon så det held, og gjennom det heile er det gode melodiar og harde riff i hærleg harmoni.
Alt i alt leverar Malabari ein frisk debut, utan at dei på nokon som helst måte finn opp hjulet på nytt. Dei aller fleste riffa og melodiane har ein nok høyrt før, men det gjer ikkje så mykje når totalpakken likevel fengjer såpass bra. Og når spelegleda i tillegg skin gjennom, er det ikkje så mykje meir enn kan ynskje seg frå ein debut frå eit framadstormande band.

FLERE ANMELDELSER
Jon Anderson & The Band Geeks - Live – Perpetual Change
Holder stemmen til ex-Yes-vokalisten på 80? >>
Beck - Singler og medvirkelser 2020-2025
Etter 6 år uten album fra Beck, men en rekke singler og samarbeid, er det på tide med en samlet anmeldelse >>
Yndling - As Fast as I Can og It's Almost Like You're Here
Noen har hvisket Yndling noe i øret om produsering >>
Sharon Van Etten - Sharon Van Etten And The Attachment Theory
Suksessfull kollaborasjon i splittelsens tid >>
Avantasia - Here Be Dragons
I over 20 år har Tobias Sammet invitert ulike artistar til sitt Avantasia-prosjekt. Denne gongen går han tilbake til røtene. >>
Levi Henriksen & Babylon Badlands - Aldri var november så lys
Tidenes første livealbum fra Kongsvinger >>
Ulver - Liminal Animals
Ulver leverer framleis musikk på sin måte og med høg kvalitet på Liminal Animals >>