Ulver ga i forrige veke ut sitt 13. album. Bandet som alltid har bevegd seg framover, og særdeles sjeldan sett seg bakover, har landa trygt i den mørkare delen av synthpopen. Det er milevis frå den svarte starten til der dei er i dag, men det eg synes dei har lukkast med heile vegen, er å lage musikk som set seg. Som ein bit seg merke i, og ikkje kan vere likegyldeg til. Stemma til vokalist Kristoffer Rygh kjem utan tvil betre til sin rett i denne delen av det musikalske universet.

Liminal Animals er det fyrste albumet frå Ulver på fem år, og det kjem ut på fallrepet av det tøffaste året til bandet. Bandmedlem Tore Ylviskaker gjekk bort i august, og sjølv om han meir eller mindre hadde sklidd frå resten av bandet og til slutt slutta, går han att i og mellom spora på albumet. Som fast medlem sidan 1997, er det ikkje til å kome bort frå at han framleis hadde stor innflytelse på det som blei laga av musikk.

For omtrent eitt år sidan, begynte det brått å dukke oppå nye låtar frå Ulver. Ein om gongen, av og til to. Eg lurte mykje på kva som var på gang, men klarte ikkje heilt å finne ut om det kom til å kome noko album. Noko var i gjere, og Ulver gjorde det på den einaste måten dei kan. På sin måte. Helst utan å bry seg om konvensjonar og etter bestemte reglar og kutymar. “Ganske befriande,” seier ulvane.

Med favorittalbum som Blood Inside, Shadows of the Sun og Kveldssanger, er kanskje dette albumet eit godt stykke unna. Men dei klarer likevel å skape musikk som tar tak i meg og får meg til å drive taktfast vidare i det musikalske havet dei skaper. Ulver har ei heilt enorm teft for det suggerande, feite og groovy. Eg bøyer meg i hatten for spesielt A City in the Skies og den 11 minutt lange Helian (Trakl). Sistnemnde er Jørn H. Sværen som les eit draumeaktig og langt dikt av Georg Takl, og er 11 minutt med repetisjon, groove og eit band som matar på i namnet til Rytme og feite beats. Med tanke på Ulver sitt fokus på å gjere ting på sin måte, kan dette siste sporet vere eit frampeik på retninga dei er på veg ved neste korsveg?

Det er alltid spennande med nytt materiale frå Ulver. Liminal Animals er ikkje noko unntak. Ta det med deg på øyret inn i helga!