Avantasia
Here Be Dragons
I over 20 år har Tobias Sammet invitert ulike artistar til sitt Avantasia-prosjekt. Denne gongen går han tilbake til røtene.
Bandet er kanskje mest kjent for sine grandiose låtar, og mange gjestar. Men slik har det ikkje vorte denne gongen, utanom gjestane då. Berre ei låt er lengre enn 5 minutt, og liknar dei langlåtane som ofte har vore mange av på Sammet sine plater. I staden for er det ein god miks av kjappe powermetal-låter, eit par mid tempo, og ei skikkelig ballade.
Konseptet er ikkje heilt klart, og det er ikkje sikkert det var meint som eit konseptalbum heller, denne gongen. Men det startar med første singelen, Creepshow, som ein bekjent av meg synest var skummelt lik In My Dreams av WigWam. Ikkje heilt einig i det, sett vekk frå stofene med “Get up, get up, come on!”. Grei opningslåt, men ikkje noko meir, ut over det. Andre låt er den lange tittellåta, med sjølvaste Geoff Tate (ex-Queensryche) som gjest. Her får vi det eine eksempelet på langt og grandiost på denne plata. Og sjølv om det tok litt tid å få denne under huda, så fengja den verkeleg når det fyrst gjorde det!
Og tempoet vert drege opp en del hakk med Michael Kiske og The Moorlands At Twilight, ei klassisk powermetal-låt, som seg hør og bør med Helloween-vokalisten med på laget. Sistesingelen The Witch er også ei låt som veks på deg, men som i likheit med åpningssporet nesten er over kanten pompøs. Men Sammet har ei unik evne, i mine øyrer, til å stort sett klare å halde seg på den fengjande sida av denne knivseggen. Og han har utvilsomt ein god pop-teft, som han viser med dette sporet, samt på Bring On The Night, som brifar med skikkeleg 80-tals disco-synth. Her har han forøvrig med seg den gamle ringreven Bob Catley, kjent frå det klassiske rockebandet Magnum.
Men det verkelege høgdepunktet for plata kjem nesten heilt til slutt, på Against The Wind, saman med den einaste nykomaren av gjestane, svenske Kenny Lecremo frå bandet H.E.A.T. Denne låta er heilt der oppe med det beste Sammet har laga tidligare, av “korte” låtar, som Lost In Space og Dying for An Angel. Og det heile vert perfekt avslutta med vår eigen Roy Kahn, som leverer inderleg på ballada Everybody’s Here Until The End.
Avantasia er ikkje for alle, men om du likar din klassiske power-metal, og ikkje syns det vert kleint med det enkelte kallar “slottsheavy”, så er denne plata for deg!

FLERE ANMELDELSER
Once Awake - Far Out And Beyond
Det hardtarbeidande metalcorebandet Once Awake er ute med album nummer fem >>
Jon Anderson & The Band Geeks - Live – Perpetual Change
Holder stemmen til ex-Yes-vokalisten på 80? >>
Beck - Singler og medvirkelser 2020-2025
Etter 6 år uten album fra Beck, men en rekke singler og samarbeid, er det på tide med en samlet anmeldelse >>
Yndling - As Fast as I Can og It's Almost Like You're Here
Noen har hvisket Yndling noe i øret om produsering >>
Sharon Van Etten - Sharon Van Etten And The Attachment Theory
Suksessfull kollaborasjon i splittelsens tid >>