Ut av Oslos mørkaste krokar er Håndgemeng endeleg tilbake med sitt nye album «Satanic Panic Attack». Denne plata er endå meir ambisiøs enn sin forgjengar, Ultraritual. Bandet påstar at dei ikkje lenger er bundne av sjanger eller forventningar, og har prøvd å gje dette albumet ein meir eigenarta sound og historie. Inspirasjonen har dei gått langt tilbake for å hente. Heilt får dei starta å høyre på musikk. Det høyrest faktisk. Eg synes det er mange nikk til band som Thin Lizzy, Black Sabbath og dess like. Alle åtte låtane har feite riff med feit gityarlyd, meisterleg skrudd av Ruben Wilhelm i Calilban Studios. Godteri for øyret!

For deg som lurer på kva for band Håndgemeng er, skriv dei dette om seg sjølve på Bandcamp: Fem fordømte fyrar, forvist frå helvetes djup, luktande av svovel og billeg øl. Oppvaksne med tungmetall og rock n’ roll, brygga saman med dårleg haldning og djeveldyrking, og frå den gryta kjem Håndgemeng fram med gitarar i handa. Gjer deg klar til å oppleve doom n’ roll-ekstravagansaen når dei spelar for å underhalde djevelen sjølv!

På konseptalbumet Satanic Panic Attack tek Håndgemeng for seg frykta og massepanikken frå 1980-talet, ofte kalla "The Satanic Panic." Dette var ei tid då folk, og spesielt konservative amerikanar og kristenfolk generelt frykta all tungmetall-musikk, og ga det merkelappen “djeveldyrking”. Skuldingar om subliminale bodskap som vart sett på som ei trussel mot samfunnet. Dette albumet er meint som ei kraftfull hyllest til mørket og hysteriet frå ei tid der frykta for tungmetall var på sitt høgaste.

Med ei blanding av klassisk hardrock, tung stoner doom, og ein dæsj breibeint tungmetall på toppen av det heile, stig Håndgemeng ut av gryta, gitarar i hand! Riff etter riff etter riff prøver Håndgemeng å sprenge alle sjangergrenser og ta deg frå det djupaste helvete til det ytste kosmos. Eg synes dei lukkast godt med det. Mange vil kanskje samanlikne Håndgemeng med Kvelertak og Turbonegro, og eg ser den. Men for meg er dette tøffare, og synes Satanic Panic Attack har blitt eit meget oppegåande album. Høg rock ‘n’ roll faktor, feite riff og pur speleglede som smittar over på lyaren. Dette er partyrock og Håndgemeng bør lett kunne bli ein festivalvinnar denne sommaren!

Og for all del, ikkje spel dette albumet baklengs!