Bandet frå Linköping i Sverige, med Tobias Forge i front, har heilt frå starten av splitta rock og metalfansen. Kult image, men tam musikk, seier somme. Lenge har eg ikkje vore samd i denne påstanden, og det er eg ikkje etter Skeletà heller, eg synest jamnt over at dette er nokre av dei beste songane dei har laga. Men for første gong har eg full forståing for kvifor denne kritikken kjem. Mot slutten av plata følest det litt ut som når du høyrer ei plate med den mest prangande power-metallen. Det er kult i starten, men mot slutten er på mange måtar kvota nådd for nettopp dette lydbiletet.

Dette gjeld kanskje mest av alt to av dei seine låtane på plata, Missila Amori og Marks of The Evil One. Joda, dei gjer nytta, men det vert to ganske åpenbare “fillers” i mine øyrer, sjølv om dei reddar seg litt inn via god instrumentering og produksjon. Det er nemleg eit anna moment som vert tydeleg med denne plata, Ghost er utvilsamt eit av klodens største band, og det kan ein også høyre att i produsjonen. Sistesporet Exelsis og ballada Guiding Lights er heller ikkje heilt der oppe, men betre enn dei to andre spora. Førstnevnte er eit typisk avsluttingsspor, som ein kan gjennkjenne frå dei siste platene. For det er ganske åpenbart at frontmann Forge funne ein formel for å setje opp platene sine. Intro, heavy-ish låt som nr 2, ballade ca midtveis og ei typisk avsluttingslåt. Gjerne også ein instrumental, som faktisk manglar denne gongen.

Det startar med den nydelege introlåta Peacefield, sistesingelen som av somme har blitt anklaga for å likne vel mykje på Journeys Seperate Ways. Men måten korsongen startar plata er utsøkt, og refrenget og oppbygginga sit som ei kule. Oppfølgaren Lachryma er ikkje noko dårlegare, dette er kanskje ei av dei beste låtane Ghost har laga nokon gong. Skamlaust dundrar dei inn med eit feitt riff, berre for å avløyse det med eit refreng som hadde toppa alle lister på 80-talet. Og ja, her er alle triks i boka brukt, både tritonus-intervall og modulasjonar. Og det er sikkert lånt opp og ned i mente, men når det fungerer så bra gjer det ingenting.



Føstesingelen Satanized er også genial, men kom i mine øyrer litt i skyggen av Lachryma då som singelutgivingar. På plata fungerer den likevel knallbra, og her viser Ghost at det er fleire måtar å skrive fengjande låter på. Det same gjeld De Profundis Borealis og Cenotaph. Begge utnyttar denne plata sitt lydbilde på best mogeleg måte, men på to forskjellige måtar. Førstnevnte har Forge uttalt at er ein slags hyllest til Black Metal, sjølv om han på ingen måte meiner det er det. Men her er det også ei oppbygging ut av ein anna verden, og nok eit ledd i feiringa av denne plata sitt lydbilde. Og Cenotaph er kanskje det mest skamlause leddet, i så måte. Her flørtar bandet nesten med disko, som på Dance Macabre frå Prequelle. Og du for ei låt! Og til slutt, før avsluttinga, kjem Umbra, med ein fantastisk synth/gitar-battle som berre må opplevast.

Så til trass for enkelte låter som ikkje treff heilt, er Skeletà fylt med så mykje snacks at det er vanskeleg å mislike. Dette er verkeleg pop-rock på sitt ypperste, og nei, det er ikkje for alle. Plata viser som sagt, på ein betre måte enn nokon gong, kvifor det er lett å mislike Ghost. Men på grunn av dette viser den også, betre enn nokon gong, kvifor Ghost er eit av verdas aller største rockeband.