Sjølve beskriv dei debutalbumet som “Et brutalt portrett av et menneske i oppløsning”. Bandet, der medlemmane vil halde seg anonyme, spelar ei blanding av mange ulike sjangrar. Og gjennom albumet vil dei presentere ei rekkje låtar, som dei har prøvd å låte ulike på kvar sin måte.

Det startar knallhardt med OBLIVIATE. Kule riff, og ein meget imponerande vokal! Og sjølv om det er tunge riff, og skrikande vokal, er det også melodiøse parti med clean-vokal innimellom. Det er mange fengjande element her, men kanskje litt mange overgangar og ulike parti, og litt vrient å finne samanhengen i låta. Men ei kul åpning! Det held fram med MORTAL, som er ei litt meir “rett fram” låt, med vers refreng, og ingen rolege parti. CURRELION er meir punka og kjapp, heilt fram til eit litt overraskande melodiøst refreng. Men her heng dei ulike delane betre saman enn på åpningssporet.



Og gjennom plata klarer bandet og bevise at mykje av det dei har prøvd på, stemmer. Det er variert, og litt ulike element og oppbygging i alle låtene. Og det ligg mykje kjent i lydbildet, med tydelege likheiter til storheiter som Metallica og Lamb of God. LOBOTOMY er først tung, før det kjem eit roleg soloparti midt i låta, som igjen bygger opp til eit nytt refreng. Det same skjer, ein gong til, denne gongen med eit litt lenger soloparti, som fint kunne vore korta ned. Men avsluttinga og siste refreng sitt som ei kule! BLACK DEATH er nok eit nytt tilskot, som er ei slags blacktrash-låt, som også fungerer forbausande bra. Kanskje eit av dei beste spora på plata! TIMELESS / SUFFER, som kanskje ikkje tilfører så mykje nytt, men er kjapp og hard, samtidig som den byggjer seg opp fint utover dei 5 minutta den varer. Det heile avsluttast med langlåta LIMBO, på over 10 minutt. Også her er det mykje bra, med sterk og følelsesladd vokal, gode soloparti. Slutten av låta er også sterk, først med eit parti som er det rolegaste på plata, før dei dundrar laust igjen.

Alt i alt leverer dette litt mystiske bandet ei veldig god debutplate, som verkeleg inneheld mange veldig kule element. Produksjonen og lydkvaliteten er, som ein kan forstå, ikkje optimal, men likevel meir enn god nok til at det ikkje går ut over det musikalske. Dette er med andre ord eit veldig spennande, nytt bekjentskap innan norsk metal, og det er berre å glede seg til kva som skjer vidare i denne leiren!