Foto: Francesca Goll-Rasmussen



Line Dybedal var et av bandmedlemmene i bandet The Pink Robots, som ble kåret til Årets Urørt i 2010. I fjor gav hun ut debutalbumet Til kjærleiken. I september slapp hun singelen La oss vere to, og nå førstkommende fredag slipper hun en ny singel. Dagens mediebilde er fylt av urettferdighet, men de fleste distanserer seg fra det. Politikerne har sterke meninger om hvem skal få slippe inn i landet vårt. Mens dine tåre fell er ingen politisk låt, men Dybedal ønsker at låta skal påvirke oss til å bruke hjertene til å kjenne etter hva vi selv føler er riktig.

1. Hva er din favorittlåt blant egne låter, og hvorfor?

- Et evig ønske er min favoritt blant mine. Eg elskar å synge den, eg elskar jule- og vintermusikk, samt at eg har fått så mange fine tilbakemeldingar på den låta. At folk kjenner seg så godt igjen, og greier å leve seg tilbake til då dei var små. Den sytalause gleda som dei kjende då det nærma seg jul. Når ein greier å hente fram slike følelsar i lyttarane, då gjer det med ein gong meining.


2. Hva er din favorittlåt blant andres låter, og hvorfor?

- Det å plukke ut éi favorittlåt er omtrent umogeleg. Men ein av favorittane må vere Bestevenn av Odd Nordstoga. Han formidlar noko så enkelt, nært, og livsviktig til menneske i alle aldrar. Det meiner eg er fantastisk.


3. Hvilken musikk hører du helst på selv?

- Musikken eg høyrer på kan delast i to. Treningsmusikk og lyttemusikk. Til trening går det i Madonna, Coldplay, Side Brok, Gabrielle og Kavinsky. Når eg skal lytte høyrer eg absolutt mest på Odd Nordstoga. Ellers høyrer eg på Beatles, Bjørk, Mari Boine og, no for tida, julemusikk.



4. Fortell om din beste konsertopplevelse, som artist?

- Eg er ofte plaga med å vere nervøs. Eller, i fyrste omgong, å vere nervøs for å bli nervøs. For då veit eg at eg ikkje greier å prestere så godt som eg veit at eg kan. Så den beste konsertopplevinga er ein av dei gongane eg ikkje har vore nervøs. Som for eksempel då eg skulle varme opp for Eva and the Heartmaker på Kvarteret i Bergen. Då hadde eg bronkitt og stressa i grunnen mest med det. Nervanse for "performancen" slapp rett og slett taket.. :)


5. Fortell om din beste konsertopplevelse, som publikum?

- På UKM, Kulturfestivalen i Høyanger. Ein nydeleg gut, hugsar ikkje namnet, 12 år gamal song Dancing on my own av Robyn. Eg grein. Ikkje berre song han fint, men han stod der heilt åleine på scena i hettegensaren sin. Låta fekk så mykje meir mening etter akkurat den opplevinga.



6. Hva er det beste med å drive med musikk?

- Det å kunne forsvinne heilt inn i si eiga boble. Vere sitt eige ego, fri flyt og produsere. På ein måte så "brettar" eg ut (nesten) heile mitt indre følelsesliv. Det er ein ganske stor risiko. Og når då folk likar produktet er det berre å hoppe i taket!


7. Hvis du kunne hatt kun tre ting på raideren, hva ville det vært?

- Raud vin, druer og heimebaka rundstykker.


8. Hva er tidenes beste norske album, og hvorfor?

- November av Odd Nordstoga. Heile albumet er gjennombóra av ein nydeleg varme og fylde. Albumet er fylt av så mange kvalitetslåtar at det er ei fryd. Er det gjennomskineleg at eg elskar Odd Nordstoga..?


9. Hva er den beste musikkvideoen du har sett, og hva gjør den så bra?

- Blank. Eg har ikkje noko spesielt forhold til musikkvideoar. Eg hadde ingen eldre søsken som såg på MTV. Så flytta eg på hybel uten fjernsyn. Så flytta eg til Bergen. Utan fjernsyn. Så eg har ikkje noko fornuftig å kome med her…


10. Hva var det første albumet du kjøpte selv?

- Kelly Family såklart!


11. Hva ville du blir når du ble stor, da du var liten?

- Dansar eller fiskar. Same, same but different.


12. Hvor er det ultimate drømmestedet å ha spillejobb, og hvorfor?

- Eg er veldig glad i å spele i kyrkjer. Spesielt gamle steinkyrkjer med mykje historie.


13. Hvem ville du sunget duett med, hvis du kunne valgt fritt, og hvorfor akkurat den personen?

- Eee… Odd Nordstoga?




14. Hvis du fikk velge, hvem hadde sunget cover av hvilken av dine låter?

- Eg er også fan av Aurora Aksnes, og om ho hadde sunge ei av mine låtar hadde eg blitt så kry!!


15. Hva er det beste med å spille solo, og hva savner du mest fra den tiden du spilte i band?

- Eg saknar det å kunne lene seg på nokon. Musikkbransjen er tøff, og det kan til tider vere hardt å stå åleine. Når ein står i stampe, eller ein ikkje får noko spesielt med tilbakemeldingar på den nye låta, når ein står backstage og skal inn på scena, osv. Då er det godt å ha nokon som står i det saman med deg. Klart, eg har jo med musikarar, men dei er som regel innleigde, og tek ikkje same risikoen.
Det beste med å vere solo er at eg får fram alle idéane mine. Ein slepp å kjempe om "den beste idéen", som ein gjer i eit band med (ofte) fleire ego. :)