From 8 to infinity heiter det siste tilskotet i bunken, og for dei som kjenner til denne gjengen, veit vi kva vi får. Her er det gitardriven rock av beste sort, ispedd litt saksofon her og der. I starten var det rett nok formatet på låtane noko meir eksprimentelt, spesielt første plata, mens det på dei seinare har vorte meir rett fram rock’n roll. Og ikkje noko feil med det, spesielt når det vert gjort så bra.

Spesielt dei to første låtane, singlane The Grand Slam og Revolution, sitt som to hylster i full fart ut av ei hagle. Dette står ikkje tilbake for noko av det dei har gjort tidlegare, og på alle platene finn vi eit par låtar, som regel singlane, som er heilt i ypperste klasse. Førstnemnte er ein herleg melodiøs stadionrockar, som bygg seg opp til eit heilt nydeleg refreng. Den andre er kjappare, og har eit av desse uimotståelege riffa som Per Borten tryllar fram.



Og med ein slik start skal det noko til at heile resten av plata er på same nivå. Bandet er på sitt beste når dei har litt tempo, og når det vert teke litt ned mistar plata tidvis litt momentum. Men det tek seg heldigvis opp att, og både 200 Miles high og den artig titulerte The Ghost of Eirik Raude er knallåter, der sistnemnte spesielt skil seg ut positivt. Og med avslutninga Winter Song viser dei at dei også mestrar litt meir rolege låtar.

Spidergawd leverer nok ein gong ei solid plate, sjølv om den ikkje kjem heilt opp mot den første, andre og femte dei laga. Det gjer ingenting, for her er det mykje god musikk! Og for dei som ikkje har sett desse live, bør ein verkeleg ta seg ein tur i haust, då dette verkeleg er eit liveband med stor L!