
Spidergawd
Spidergawd VI
Eit av noregs beste rockeband er ute med sitt sjette album, og leverar nok ein gong solide varer
Og heller ikkje denne gongen skuffar bandet, sjølv om underteikna skal innrømme det tok lengre tid å kome inn i denne plata enn dei to foregåande. I seg sjølv er det alltid eit sunnheitsteikn når ein må jobbe litt for å få ei plate under huda, men med dette bandet har eg vore nokså vand med at det skjer ganske kjapt.
Det umiddelbare inntrykket var at side B var den klart sterkaste, men no stiller eg både første og andre del av plata ganske likt. Begge har sine høgdepunkt, og held eit jamnt godt nivå. Det åpnar med den småseige Oceanchild, som ikkje var ein favoritt til å begynne med. Men sakte med sikkert kom den seg, og etter ei knapp veke står den fram som ein av dei sterkaste på plata. Det er fantastisk korleis den berre subbar avgårde, i eit tempo som hadde passa sjølvaste Motorhead perfekt.
Den følgjast opp av singelen At Rainbows End, som også er eit spor som har vekse på meg. Verset er ikkje det mest spennande, men når refrenget kjem med melodilinja, forstår ein kvifor denne vart valgt ut som singel! Ein god start på plata blir fulgt opp av to greie spor, før ein kjem til andre singel, og kanskje platas beste låt: Prototype Design. Dette er meir groovy, og her flørtar dei heilt klart med gammal Lizzy! Heilt fantastisk bra!
Yours Truly er rasar avgårde i eit fantastisk tempo, med ei bru og refreng som sitt rett i fletta. Her er også saksofonen markant, og er med på å heve låta, utan at den er like framtredande som den har vore på dei andre platene. Nest siste låt ut, Narcissus Eye er også kruttsterk, med eit riff som er teke rett frå 80-talets britiske metalband som Maiden og Priest. Galopprock med eit tempo, riff og tekst som gir ein kamplyst! Her er det berre å hyre inn Eddie som frontsoldat og Bruce Dickinson til å veive med flagget!
Og det heile avrundast med litt ungdommelig pågangsmot, med Morning Star, der bassist Hallvard Gaardløs får lov til å låne hovedvokalen. Her også tok det tid før eg var solgt, men for ei feelgood heavylåt dette faktisk er! Og der Gaardløs har vore med på mykje av låtskrivinga på dei to forrige platene, er det nykomaren i bandet, Brynjar Takle Ohr som har skrive denne plata, saman med frontmann og gitarist Per Borten. Kanskje difor følest denne plata annaleis ut, men jammen sat den bra til slutt!
FLERE ANMELDELSER
OMD - Bauhaus Staircase
OMD gjør som de har lyst og markerer sitt 45-årsjubileum på ypperste måte. >>
Steven Wilson - The Harmony Codex
Visjonæren innenfor progrock bryter alle regler og leverer et post-pandemisk mesterverk. >>
Adama Janlo - Misaligned
Brilliant og enestående begynnelse. En stemme det er vanskelig å glemme. >>
Kardang - Rizky Biznizz
Sørlandsbandet Kardang er ute med sin andre fullengder, og den gir deg rein, hard og pur rock ‘n roll. >>
Rival Sons - Lightbringer
Rival Sons gir ut sitt andre album for året, og Lightbringer står ikkje tilbake for det første. >>
Spurv - Brefjære
Spurv er tilbake med eit nytt og ambisiøst album, som imponerar med store orkester og tunge gitarar i skjønn harmoni. >>
Trevor Rabin - Rio
Forrige vokale soloalbum kom i 1989. 34 år, 50 soundtracks og 200 konserter senere knaller Trevor Rabin til! >>
Pseudo Fruit - Heavy Nydelig
En norsk trio med full klaff og tre rette: ferdigheter, referanser og kreativitet. >>