Bernhoft
Humanoid
Bernhoft går nye vegar med si siste plate Humanoid, men klarer likevel å imponere med gamle kunstar.
Ventetida er endelig over, og Jarle Bernhoft er igjen plateaktuell, denne gangen med plata Humanoid. Med seg på laget har han igjen fått med seg bandet sitt, The Fashion Bruises. Sjølv proklamerte han live på facebook at dette var ei plate om verden vi lever i, og kom inn på den auka bruken av smarttelefonar.
Akkurat det vert veldig tydelig i dei første strofene av åpningslåta Humanoid, der han syng: "I just like to talk to people i know, with their eyes looking up from their phones, im tired of talking to drones". Tittelkuttet er ei perfekt åpningslåt, som gir meg akkurat det eg har venta på sidan forrige gong det kom ny musikk frå Bernhoft. Her er det klassisk åpningstempo, ein god melodi, og eit solid band i ryggen.
Den vert fulgt opp av den fine låta California, som også er ein av to singlar som vart slept frå albumet før det kom ut. Den utfyller åpninga fint, og får ein perfekt etterfølgar i tredjesporet Buried Gold, som er ei nydelig ballade med Raeilee Nikole. Den framstår nesten som ein soulversjon av Something Stupid, der mann og kvinne har ein vennskapelig krangel, som likevel berre er det, og mest sannsynlig endar godt.
Hittil lever plata opp til dei to forrige strålande platene til Bernhoft, men Lookalike og Beliefs er to gode låter, som eg likevel ikkje får heilt taket på. Det tek seg heldigvis opp med trioen For The Benefit, Medication og flotte Dreamweaver, der Bernhoft og bandet viser finfin meloditeft. Love Brings Us Further Apart er litt småkjedelig, men avsluttinga Dont Give Up gir plata eit fint punktum.
Bernhoft gjer definitivt noko litt nytt med Humanoid, men klarer å ta med seg essensen av det han har gjort så bra på sine to foregåande plater. Denne når ikkje heilt opp til dei to, men i bunnen ligg det så mykje god musikk- og meloditeft, at dette uansett vert ei fornøyelig oppleving.

FLERE ANMELDELSER
Levi Henriksen & Babylon Badlands - Aldri var november så lys
Tidenes første livealbum fra Kongsvinger >>
Ulver - Liminal Animals
Ulver leverer framleis musikk på sin måte og med høg kvalitet på Liminal Animals >>
Great Tide - Daywatcher
Kvalitet, kvalitet og atter kvalitet. Great Tide leker ikke, de feinschmecker det! >>
Sondre Lerche - Two Way Monologue - 20th Anniversary
Et av hans beste album, nå på vinyl med 4 eksklusive bonuskutt >>
Paul McCartney & Wings - One Hand Clapping
Paul McCartney og Wings byr på en liten skattekiste med nye og gamle låter i den kinoaktuelle dokumentarfilmen "One Hand Clapping". >>