Sist gong det dukka opp eit band eg vart så positivt overraska over som Greta Van Fleet, var då eg oppdaga Rival Sons for 7-8 år sidan. På mange måtar liknar dei to, dei spelar ein type musikk som er laga tusen gongar før, men gjer det på forbilledlig vis. Tidelgare har det kun kome ein EP med sju spor, der to var coverlåter, men denne gjorde dei også godt kjende, nerast over natta. Eg har dermed vore ein av dei som har gledd meg stort til Greta Van Fleet skulle kome med eit heilt album, og endeleg er det her, med den finurlige tittelen Anthem of the Peaceful Army.

Rett nok har det kome veldig mange singlar frå denne plata, så heilt ukjent er det jo ikkje. Likevel er det sjølvsagt spennande å høyre korleis verket i seg sjølv er skrudd saman, og det byrjar mystisk og storslått i Age of Man. Over seks minutt lang plasserer den seg som ein av dei absolutt lengste bandet har å by på. Likevel gjer det ingenting, og den, etterfulgt av den klassiske rockelåta The Cold Wind, sett ein flott tone for plata.

Spor tre er den nye ”hiten”, og førstesingelen When The Curtain Falls, som også kjem på eit nokså passande tidspunkt. Den vert oppfylgt av kanskje den beste låta på plata, Watching Over, som igjen tek det ned eit hakk i tempo. For eit refreng!



Den einaste låta som kanskje er litt kjedelig, er ballada Youre The One, som kjem midt uti plata. Men den er likevel utført på samme gode måte som resten av songane. Og nettopp det viser kva slags band dette er. Låtene er gode, men bandet er faktisk enda bedre. Og med ein snittalder på knappe 20 år, er det veldig imponerande. Det er tydeleg at desse gutane både har spelt og høyrt mykje på musikk i sine relativt korte liv hittil.

Eg har enno berre høyrt på denne plata i under to dagar, og med eit ørlite forbehold, kjenner eg den vil vokse på meg i tida som kjem. Det er altså ikkje så mykje anna å seie, enn at dette er ei fantastisk god debutplate, av eit ungt band, med eit uendelig stort potensiale.