
Spidergawd
Spidergawd V
Spidergawd dundrar vidare, og er endeleg tilbake med sitt femte album!
Spidergawd kom saman i 2014, og er det ein kan kalle ei supergruppe, som opphaveleg bestod av Per Borten på gitar og vokal, Bent Sæther på bass, Kenneth Kapstad på trommer og Rolf Martin Snustad på saksofon. I 2016 la Sæther inn årene for å bruke meir tid på andre prosjekt, men inn kom den unge bassisten Hallvard Gaardløs, som har fylt skoa på ein utmerket måte.
Musikken er umiskjennelig frå første riff; Energisk, hard og groovy hardrock, gjort på eit vis som ingen andre her til lands kan matche. Så også med det femte albumet, som startar med dei to singlane All And Everything og Ritual Supernatural. Førstnevnte sett tonen, med den karakteristiske saksofonen, som går over i eit dundrande godstog av ei åpningslåt. Mørkt, dystert og deilig! Spor to er det motsatte, ei skikkelig ”feelgood-låt” som ein får lyst å danse til. Spor tre og fire held akkurat like høg kvalitet, og dette må vere den beste A-sida bandet har levert hittil.
B-sida er også god, og det er nesten urettferdig å trekke ned på denne, berre fordi den blir sett i skyggen av første akt. Noko som også hjelper veldig på intrykket, er dei fantastisk fine tekstene som dukkar opp i fleire av låtene. På Ritual Supernatural syng Borten i 2. vers, fritt gjenfortalt av underteikna:
”I find myself out flying, again,
Find myself out rolling and tumbeling, again
My boys could not keep up with me no more,
stick to common sense, to me thats just a bore"
Og eg kan ikkje forklare kva som gjer det, men noko med dette verset, og det utruleg fengjande refrenget som følgjer, er vanvittig hærleg. Det same kjem i ei strofe i Green Eyes, der Borten har ei fandenivolsk haldning med orda:
”If you feel your life is over, keep the fuck away from mine,
it ain’t my fault that you were born to stand in line!”
Å dra te hælvete, som Beranek så fint sa det ein gong! Og det er ein del av essensen til dette bandet, nemleg attityden. Det lyser igjennom på plate, og ikkje minst på scena. Så tusen takk, nok ein gong Spidergawd, for ei fengjande flott og knallhard plate. Eg gler meg til konsert om litt over ein månad!
FLERE ANMELDELSER
OMD - Bauhaus Staircase
OMD gjør som de har lyst og markerer sitt 45-årsjubileum på ypperste måte. >>
Steven Wilson - The Harmony Codex
Visjonæren innenfor progrock bryter alle regler og leverer et post-pandemisk mesterverk. >>
Adama Janlo - Misaligned
Brilliant og enestående begynnelse. En stemme det er vanskelig å glemme. >>
Kardang - Rizky Biznizz
Sørlandsbandet Kardang er ute med sin andre fullengder, og den gir deg rein, hard og pur rock ‘n roll. >>
Rival Sons - Lightbringer
Rival Sons gir ut sitt andre album for året, og Lightbringer står ikkje tilbake for det første. >>
Spurv - Brefjære
Spurv er tilbake med eit nytt og ambisiøst album, som imponerar med store orkester og tunge gitarar i skjønn harmoni. >>
Trevor Rabin - Rio
Forrige vokale soloalbum kom i 1989. 34 år, 50 soundtracks og 200 konserter senere knaller Trevor Rabin til! >>
Pseudo Fruit - Heavy Nydelig
En norsk trio med full klaff og tre rette: ferdigheter, referanser og kreativitet. >>