Desert Sessions er tilbake med volum 11 og 12, 16 år etter nr 10. For dei som er ukjent med konseptet, starta det heile i 1997, då Josh Homme og nokre vennar samla seg å spelte musikk i tre dagar samanhengande, høge på psykedelisk sopp. Etter det har det vore mange samlingar, og med tida har mange svært profilerte artistar vore med, men Homme er den einaste som har vore med kvar gong.
Volum 11 og 12 er no altså ute, og er gitt ut saman, slik også volum 6-9 også var. Det har blitt ei variert affære, og det er veldig tydelig at dette er gjort ganske så spontant.

Det begynner ganske rolig med ei enkel rytme og Hommes vokal oppå, i Move Together. Etter kvart bygger låta seg oppover, med hjelp av Billy Gibbons frå ZZ Top, og den fungerer greit som åpningslåt til plata. Noises in Roses, Forever er ganske nært Hommes hovudband, Queens of The Stone Age, og fungerer også heilt greit, uten at det er nokon stor hit av noko slag. Men det er ifylge Homme sjølv ikkje hovudpoenget. Meininga her er at det skal vere tilbake til røtene, tilbake til garasjebandet, og veldig spontant.



Låt nr 3 er Instrumentalen Far East For the Trees. Også denne er liksom berre heilt grei, men vidarefører stemninga på plata, som igjen minner ein del om Queens, med en del andre ting attpå. If You Run har vokal frå ei venninde av Homme, som visstnok skal skal vere svigerdotter til Helen Mirren. Fin låt og vokal! Crucifire er også ei enkel og fin rockelåt, med Mike Kerr frå Royal Blood og Jake Shears frå Sissors Sisters.

Men den virkelig spesielle låta på denne plata er utvilsomt Chic Tweetz. Her har Homme lagt nokon alvorlige effekter på stemma si, og funne et alter ego ved navn Töôrnst Hülpft. Med en alvorlig tysk aksent syng han gjennom ei sær låt som umulig kan ha vore mykje innøvd eller hatt mange takningar. God underholding!

Denne humoristiske låta blir fint fylgt opp av den finfine låta Something You Can’t See, med Jake Sheers på vokal. Deretter blir det heile runda av med den rolige Easier Said Than Done, og ei merkeleg plate er over. Ein salig miks av låter, men spontaniteten er det sentrale her, og det gir eit unikt resultat, frå eit artig konsept. Likevel er eg usikker på om eg kjem til å leite fram igjen denne for det musikalske resultatet, men den passar sikkert veldig fint på eit seint nachspiel!