Kryptograf er ein kvartett frå Bergen som i følgje seg sjølv er veldig glad i obskur proto-metal. Litt usikker på kva det er? Då er vi iallfall to! I arbeidet med Kryptograf viste det seg at dei fann inspirasjon og glede i både stoner- og prog-rock. Dette skulle vere meir kjent for dei fleste. Uansett har denne suppa av ulike uttrykk, blitt til eit album med tydelege retrovibbar. Om du framleis ikkje heilt klarar å plassere det muskalske uttrykket eg har prøvd å skildre over, er det aller, aller lettaste å tenke Black Sabbath. Då er mykje gjort. Om ikkje desse gutane har høyrt på sin dose av Black Sabbath, skal eg ete ein heil boks makrell i tomat!

Albumet opnar med The Veil, og den er som snytt at av nasene til Tony Iommi og Ozzy. Den har alt ein god Sabbath-låt skal ha. Feite og seige riff som hamrar i bakgrunnen, og med ein vokal som har eit snev av hysteri og desperasjon over seg. Hadde eg ikkje visst betre, kunne eg ha vedda huset mitt på at dette måtte vere noko ein eller anna hadde funnet på eit loft i Birmingham. Bandet sjølv har sagt at der dei ofte let seg rive med og fylle på med riff og ulike parti, har dei i The Veil klart å halde tilbake. Dei tok utganspunkt i eitt riff og bygde låta rundt dette. Lurt.

I tillegg til gjennomført god riffteft og ei klar musikalsk retning, har Kryptograf blitt stødig produsert av Iver Sandøy (trommis i Emmerhoff & The Melancholy Babies og som har produsert for både Enslaved og Krakow) i Solslottet Studio. Han har klart å skape ein autentisk og truverdig lyd på albumet. Dette er med på å heve heilheita dit desse songane fortener. Sandøy synest å ha klart å fange ein slags live-energi, og er ikkje redd for å underprodusere.

Ein annan ting som er med på løfte albumet, er at dei har delt vokaljobben mellom tre av medlemene. Dette gjer at dei ulike låtane har små nyansar av variasjon i vokalen og klarer å halde lyaren på kanten av stolen heile vegen utan at vokalen endar opp monoton. Samtidig blir vokalen ikkje flygande fram og tilbake, men er overraskande homogen tatt tre ulike personar i betraktning.

Kryptograf er eit album med beina godt planta i musikken frå tidleg 70-tal, men er likevel tidlaus. Og sjølv om den kan minne mest om Black Sabbath og band frå same malen, er det parti her som minner like mykje om Queens of the Stone Age eller Alice in Chains, faktisk. Dette er ei skive som kan spelast like mykje på lyse sommarnetter som på tunge haustkveldar. Ein knallsterk debut! Eg gler meg til å høyre meir frå denne gjengen! Tons of Rock 2021; de er herved tipsa!

Albumet blir slept 12. juni.