I juni 2020 skreiv eg ei anmelding av debutskiva til Kryptograf. Då var eg imponert og gleda meg til å høyre meir frå dei. No er ventetida over. Bergens-bandet er ute med andreskiva si, The Eldorado Spell. Spennande og gledeleg atthøyr. Albumet kom ut 25. februar, og eg legg meg sjølvsagt heilt flat for at ikkje anmeldinga kom same dag. No er det ein (meir eller mindre) akseptabel grunn til dette: Eg har brukt tid på den. Det fortenar den nemleg.

Det er ei stilmessig ganske variert plate. Eller; dei held seg i retroland heile vegen, men den breiar seg litt vidare enn den sjølvtitulerte debuten. Dette gjorde at eg var litt reservert i starten. Eg syntes det blei litt for variert, om eg kan seie det slik. Eg sleit litt med å finne ein slags raud tone (eit forsøk på språkleg finurlighet, basert på «ein raud tråd») i det heile. Det viser seg at det kan vere ei meining bak denne breidda. Gitarist og vokalist Vegard Bachmann Strand kommenterer: «Da vi begynte å skrive materiale til The Eldorado Spell, ville vi unngå å skrive vår første plate på nytt. Debutplaten vår spisset seg inn på den mer primitive epoken av hard og psykedelisk rock på slutten av 60-tallet. På The Eldorado Spell har vi prøvd å bevare denne energien i tillegg til at vi har inkorporert flere elementer fra musikk vi liker. Dette spriker fra Heavy metal fra midten av 70-tallet til 60-talls engelsk folk. Vi har også inkorporert mer progressive elementer og melodiske vendinger.» Det forklarer sjølvsagt variasjonen.



Når ein skal beskrive musikken, er det beste å bruke andre kjente landemerker. So det har eg tenkt til å gjere. Black Sabbath er sjølvskrive. Elles er det ei blanding av mykje ymist. Nokre parti har noko Big Bansk over seg, medan andre kunne ha vore ei vidareføring av Music from the Elder av Kiss. På det litt meir obsukre, plukkar eg opp likheit med gode gamle Prong, og til tider det grådig undervurderte sunnmørsbandet Ilti Milta. Sjølvsagt er det umogleg å ikkje ta med Sahg i ei slik oppramsing. Men då skulle miksen du kan tenke på vere klar. Det ligg i eit lydskap der alle desse har ulike delar representert.

Kryptograf er utan tvil eit band som veit kva dei driv med. Intrumentprestasjonane er meget gode, og dei har ei ro og coolness over seg som er meget bra med tanke på at The Eldorado Spell er album nummer to. Spesielt kjem det godt fram på opningslåta Asphodel. Denne låta har nokre riff som er heilt perfekt bakpå, men som eit mindre sjølvsikkert band lett kunne hasta seg gjennom. Dette viser at debutalbumet langt frå var eit blaff, men at dette er eit band som har tru på seg sjølv og eigen rett til eksistens.

Til slutt vil eg trekke fram to andre låtar eg synes løftar heile albumet (i tillegg til opningssporet). When the Witches og avslutningslåta The Well. Dei oppsummerer godt The Eldorado Spell. Eg vel å avslutte denne anmeldinga som eg gjorde forrige: Tons of Rock; de er herved tipsa!