Biffy Clyro
A Celebration of Endings
Med A Celebration of Endings har Biffy Clyro laga ei frisk og sjelfull plate, som er akkurat passe progressiv, men likevel burde appelere til mange.
Biffy Clyro er etter fire år ute med sitt nye album, A Celebration of Endings, som følger opp Elipsis frå 2016. I fylgje eit infoskriv frå bandet er dette eit album der dei skulle prøve å starte med blanke ark igjen, og samtidig prøve å utfordre kvarandre til det ytterste. Tematisk handlar tekstane bokstaveleg talt om å feire endringar i livet, seier frontmann Simon Neil, og utelukke dei negative sidene. Og akkurat det er det ikkje vanskeleg å høyre i tekstane på plata.
Personleg hadde eg ikkje nokon store forventningar då eg fekk sjansen til å lytte til, og skrive om denne plata. Eg har jo eit forhold til bandet frå før, som mange andre, men har kun høyrt dei mest kjende songane frå før av.
Men frå første avspeling, merka eg fort at dette var solide saker. Ofte vert musikk enten litt for avansert og progressiv, eller så vert det for enkelt. Det å treffe midt i mellom, er eit kunststykke, men det synest eg Biffy Clyro har klart med denne plata.
Det byrjar oppskriftsmessig, med ei klassisk åpningslåt i North of No South. Den er ovveraskande frisk, og sett stemninga perfekt, slik ei god åpningslåt skal. Likevel er den ikkje kjedelig, og produsjonen er også veldig fin, som den er gjennom heile plata. Og med spor to, The Champ, kjem allereie eit av høgdepunkta på plata. Ei typisk låt som fengjer umiddelbart, og som ein fort kan gå lei etter eit par lytt, men så langt har det ikkje skjedd for underteikna. Og igjen gjer den fine produksjonen, og den ektefølte vokalen til Simon Neal, at det skiller seg ut frå mengda av anna musikk i same sjanger.
Singelen Tiny Indoor Fireworks likte eg i utgangspunktet ikkje, og tenkte eg var lei den etter to lytt, men denne har klart kunststykke og vokse på meg, noko eg ikkje trudde ville skje. Ja, det vert litt mykje Hey i perioder, men igjen, det gjer ikkje så mykje når totalpakka er så solid. Det same gjeld for den første ballada på albumet, Space, som kanskje er den mest standariserte låta på plata. I eit anna band hadde den kanskje vorte hakket kjedeligare, men Biffy hever den, og har i tillegg verkeleg skrive ei veldig fin ballade!
Tekstene er også sterke, og det vert tydeleg at ein del av låtane, naturleg nok, handlar om endringar i kjærleikslivet. Både Space, og låta som fylgjer den, End Of, er klare eksempel på dette. Og der Space er rolig og vennleg i teksta, er End Of det motsatte. Simon Neal er befriande sint på denne låta, og viser nok ein gong kor flink han er til å få fram bodskapet i låtane til bandet.
Biffy Clyro overraskar positivt med sitt siste album, spesielt for ein som ikkje har høyrt mykje av dei før. Det er det herved slutt på, og denne plata, og låtane, vil eg definitivt høyre mykje på ut over hausten. Det er friskt, passe alternativt og progga, godt produsert, og velkomponert. I tillegg er det veldig fin samansetting av låtane, og plata fungerer godt om ein høyrer den samanhengande. Og det er ikkje alltid tilfellet i dagens musikkverden! Mykje kan fortsatt skje, men eg trur allereie no at A Celebration of Endings kan kome høgt på både mi og andres topplister mot slutten av året!

FLERE ANMELDELSER
Paul McCartney & Wings - One Hand Clapping
Paul McCartney og Wings byr på en liten skattekiste med nye og gamle låter i den kinoaktuelle dokumentarfilmen "One Hand Clapping". >>
David Gilmour - Luck and Strange
Nei, David, dette er ikke det beste du har gjort siden The Dark Side of the Moon. >>