Wig Wam
Never Say Die
Velkommen tilbake Wig Wam, vi visste det kanskje ikkje sjølve, men gud kor vi har savna dykk!
Det var vel kanskje ikkje så mange som hadde venta seg at akkurat Wig Wam skulle gjere comeback i slutten av 2019, dei sjølve inkludert, men det skjedde, og godt er det!
Glamrockbandet Wig Wam er lagt att i 2014, og inn har det kome eit tyngre og kanskje meir moderne tungrockband. Allereie med dei to singlane Never Say Die og Kilimanjaro var det tydelig at det hadde skjedd noko nytt sidan sist.
Likevel har bandet klart å halde på noko av identiteten, dei har berre fornya seg, på ein smart og taktfull måte. Og på mange måtar er det også ganske logisk, då både Åge Steen Nilsen og Trond Holter har vore aktive på kvar sin kant. Nilsen har laga fleire soloplater med bandet sitt Ammunition, og Holter har gått ein til dels tyngre veg, med blant anna tungrock-operaen Dracula – Swing of Death.
Når dei no fusjonerar kreftene sine med sine gamle bandkompisar, Bernt Jansen og Øystein Andersen, er det både raffinert og tungt, og det låter utruleg bra! Det virkar nesten som om heile bandet spelar betre, og Åge Steen Nilsen syng nesten betre enn nokon gong. For ein vokalist han er! Bandet har også sagt sjølve at sidan ingen visste om at dei skulle gjere comeback, ikkje eingong plateselskapet, så hadde dei veldig frie tøylar, og brukte god tid i studio.
Det merkast, og plata er full av gode spor, som også er varierte. Det startar ganske tungt, med trippelen Never Say Die, Hypnotized, og Shadows of Eternity. Alle er gode, men Hypnotized er verkeleg ein hardrock-hit av ypperste klasse! Og på Kilimanjaro viser dei noko av leikenheiten dei alltid har hatt, og det er tydeleg at dei framleis ikkje tek seg sjølve alt for høgtideleg, heldigvis!
My Kaleidoscope Ark er ein smule harry, og kunne like gjerne vore med på eit av soloplatene til Nilsen. Men her kjem dei nesten inn på glam/sleaze-sporet igjen, og viser at dei beherskar det også, så låta fungerer som ei klassisk 80-tals rockeballade. Dirty Little Secret er også ei fantastisk leiken og fengjande låt, som også gjerne kunne våre ein singel. Og på Northbound får Holter briljere fremst på scena, med ein finfin instrumental.
Wig Wam finn ikkje på nokon måte opp hjulet på nytt, men dei har tatt det småharry bandet dei hadde tidlegare, og gjort det om til eit band med skikkelig tyngde og autoritet. Nokre kritiske røyster hadde kanskje vanskeleg for å ta bandet 100% seriøst ved første inkarnasjon, men denne gongen er dette mykje vanskelegare for dei som ikkje likar bandet. Velkommen tilbake Wig Wam, vi visste det kanskje ikkje sjølve, men gud kor vi har savna dykk!

FLERE ANMELDELSER
Lana Del Rey - Did you know that there's a tunnel under OceanBlvd
Dronningen av melankoli og glamour er tilbake med sitt niende studioalbum. >>
Ledfoot og Ronnie Le Tekrø - Limited Edition Lava Lamp
Den amerikansk-norske duoen er tilbake, og denne gongen med forstrerkningar! >>
Murder Maids - Dance or Die
Murder Maids er tilbake med oppfølgaren til den fantastiske debutplata Knives Out. Det har vorte ei noko tøffare og hardare plate. >>
Pil & Bue - Special Agents
Pil & Bue spenner buestrengen strammere enn noen gang, og slipper sitt beste album så langt i karrieren. >>
Wig Wam - Out Of The Dark
Berre to år er gått sidan comebackalbumet «Never Say Die», og rockarane frå Østfold veit å smi mens jernet er varmt! >>
Eigil Berg - I musikkens tjeneste
Velskrevet, informativ musikkbok fra New Jordal Swingers-sjefen >>

ANBEFALTE KONSERTER
Kjøp billetter her
Øyafestivalen
Arctic Monkeys
Oslo Spektrum
Depeche Mode
Telenor Arena
Bergenfest
Röyksopp
Oslo Spektrum
Trondheim Rocks