Hilma Nikolaisen
Heritage
Etter to lovprisa rockealbum er no den nedstrippa og så godt som akustiske tredjeplata ute. Det har vorte ei unik og melankolsk plate.
Underteikna hadde ikkje høyrt noko på Hilma Nikolaisen før denne plata, og har i så måte heilt blanke ark med tanke på den litt nye retninga ho har teke på den nye plata, Heritage. Etter to lovprisa rockealbum er no den nedstrippa og så godt som akustiske tredjeplata ute. Det har vorte ei unik og melankolsk plate.
Det startar med plata si kanskje beste låt, Maybe Today (Satan), som verkeleg har sett seg på hjerna til denne anmeldaren. Dei fleste låtene har eit visepreg som slett ikkje er noko veldig uvanleg ved, men det er noko ubestemmelig finurlig med stemninga i låtene, og den sjarmerande engelskuttalen til Nikolaisen, som gjer dette til noko spesielt. Tittellåta Heritage er også fantastisk varm og fin, og passar veldig fint til årstida vi no går inn i. Ein får lyst å sitje i vårsola og lengte etter sommaren!
Intervju med Hilma Nikolaisen: – Tjener ikke en dritt på Spotify
Season Blue er også ei nydeleg fin låt, som osar feelgood, sjølv om teksta kanskje har ein viss melankoli i seg. Det gjer ikkje noko, og gir berre ein fin kontrast i låta. New Kids er også ei av desse finurlege låtene som gir deg ein god følelse i kroppen. Denne vart skrive som ein protest mot rivinga av Y-blokka i Oslo våren 2020, og har ein slags optimisme og ”fighting spirit” i seg.
All In (Into the Outset), vert kanskje litt repetetiv, men fungerer likevel fint som avslutning på plata. Og plata i si heilheit er også veldig fin. Ikkje alle spor er like fengjande, men dei som er det, skin det virkelig godt av. Og med den stemma og låtskrivarferdigheita Nikolaisen har, lagar ho musikk som har eit distinkt særpreg, og som nær sagt umiddelbart er gjenkjenneleg. Det er også ein ærlegheit her, og ei nærheit, og det gir også eit eige preg på plata. Takk for denne Hilma, vi gler oss til fortsettelsen!

FLERE ANMELDELSER
Sleep Token - Even In Arcadia
Sjangercocktailen Sleep Token avslører noe av ansiktet bak maska etter kjempesuksessen «Take Me Back To Eden» >>
Once Awake - Far Out And Beyond
Det hardtarbeidande metalcorebandet Once Awake er ute med album nummer fem >>
Jon Anderson & The Band Geeks - Live – Perpetual Change
Holder stemmen til ex-Yes-vokalisten på 80? >>