Wig Wam
Out Of The Dark
Berre to år er gått sidan comebackalbumet «Never Say Die», og rockarane frå Østfold veit å smi mens jernet er varmt!
Bandet som kom tilbake, etter å ha hatt pause i nesten eit tiår, var i ferd med å leggje ned for andre gong. Men når alt såg som mørkast ut, og pandemien tok knekken på både band og festivalar, dukka ein gammal singel opp i ein amerikansk braksuksess på tv. Resten er historie, og Wig Wam gjekk frå å nesten forsvinne for godt, til å i år spele konsertar både i Australia, Amerika og Europa.
Då gjeld det å kome med ny musikk, og 10. februar kom Out of The Dark. Det har derimot vorte ei lystigare plate enn forgjengaren, som til tider var knalltung hardrock. Det nye albumet har vorte meir leikent, men startar litt i same sporet som sist, med tittellåta Out Of The Dark. Den fungerer bra som åpningsspor, men det er med High n’ Dry festen verkeleg dreg i gang! Her kombinerer bandet glam-røtene med sitt nye, litt tyngre lydbilde, og saman vert det hæla i taket.
Forevermore viser ei litt meir episk side, med ei monumental låt om vikingar og krig. Få hadde kanskje sett ei slik låt kome, men også dette klarer bandet å dra bra i land. Uppercut Shazam og Ghosting You følger fint opp gongen i plata, mens balladen The Purpose og den artige The American Dream avsluttar gullrekka.
På instrumentalen 79 får riffsjefen Trond Holter skinne, og på God By Your Side slepper bassist Bernt Jansen inn på vokal. Begge er fint utførte låtar, men følast kanskje litt overflødige ut denne gongen. Men plata blir fullført på perfekt vis med Sailor And The Desert Sun, som er ei bombastisk parademasj inn i solnedgangen.
Personleg likte eg også bedre dei tyngre låtane på forgjengaren Never Say Die, men etter nokon gjennomlyttingar set også denne veldig bra. Spesielt må det understrekast at plata verkeleg kjem til sin rett på høgt volum med eit skikkelig anlegg, i staden for i bilen eller med eit headsett.
Så då er det berre å glede seg til den komande norgesturneen, og få med seg eit fornya glam-rockband med ny giv på scena denne våren!

FLERE ANMELDELSER
Kevin Morby - More Photographs (A Continuum)
Mye mer enn en kompanjong til fjorårets sterke album. >>
Harald Otterstad og Tor Andersen - Aunt Mary - Never Stop Your Wishful Thinking
Forbilledlig biografi om et av Norges beste 70-tallsband >>
Perry Dear and the Deerstalkers - Oh Dear! Perry Dear and the Deerstalkers in London
Bra 60-tallsretro fra norsk band >>
Honey Dijon - Black Girl Magic
Klassisk housemusik med attityd, och som får folk att stampa fötter. >>
El Caco - Uncelebration
Etter ein solid pause er El Caco igjen ute med ny musikk. Det har blitt litt nytt, men umiskjennelig likevel. >>
The Tallest Man on Earth - Henry St.
Svenske Kristian Matsson, bedre kjent under artistnavnet The Tallest Man on Earth, har gått fra soloprosjekter til å spille inn sitt nyeste album med et komplett band. >>
Metallica - 72 Season
Du veit kva du får, men legendene i Metallica imponerar likevel med 72 Seasons >>