Underteikna sitt første møte med bandet var då dei slapp låta Hevntokt, til barnefilmen Kutoppen – På Sporet. Den gav eit godt intrykk av kva slags band dette er: ei energibombe av eit rockeband! Samtidig syng dei på norsk, noko som rett nok har vorte ganske vanleg her til lands dei siste åra. Men Skvadron gjer det på ein måte som gir assosiasjonar til eldre norske band som CC Cowboys og DumDum Boys, berre med litt meir fuzz og skrik i monitor.

Plata startar også veldig bra, med tittelsporet Står i Flammer. Her treff dei fint, og har både melodi og råskap på plass. Paranoia er også heilt grei, før det kjem ikkje berre ei, men to coverlåtar. Og sjølv om bandet har plukka to kremlåter, vert det heile litt skivebom. Raga Rockers Slakt blir av vokalisten skrike så høgt at det ikkje er mykje igjen av originalen. Det same kan seiast om Ac/Dc’s Rock n’roll Damnation. Her kunne ein kanskje tenkje seg at det hadde passa inn med litt råskap, men den gang ei. Lite melodi, mykje skriking, og eit auka tempo og det tek vekk mykje av det som er så bra med originalen.

Counterstruck, mot slutten av plata, viser at dei kan gjere kule låter med skriking, i likheit med åpningslåta. Her treff dei med både tempo, energi og råskap! Den siste coveren på plata, Roadhouse Blues, er også mykje betre enn dei andre coverlåtane, og avslutninga Peptalk rundar av eit album som er litt ujamnt, men som både opnar og avsluttar bra.



Då gjer det ikkje all verden at det er nokre, uslipte fyll-låter mellom, for dette er eit band som har enorm energi og egenart. Difor er eg sikker på dei kjem til å levere enda meir jamne utgivelser i framtida. Og ikkje minst er eg overbevist om at dette orkesteret viser sitt sanne natur i konsertformatet. Fram til det bør du sjekke ut denne, og den førre plata til dette lovande bandet!