For gamle for Petre
Blackjazzpionerane Shining fekk avslag på liveopptreden frå Petre-Ruben for dei er for gamle.
- Øystein?
Handtrykket er akkurat so fast og bestemt som ein skulle tru, og blikket er fast planta i augene til journalisten. Etter standard høflighetsfrasar og at vi har finne oss eit bord innerst i lokalet, bankar vi i gong med ein timeslang prat om musikk, kjensler, gamle heltar og kvifor ein skal bry seg om kva andre meiner. Om man i det heile tatt skal det.
- Alt kjem jo an på korleis ein reknar. Om akustiskjazz-Shining tel eller ikkje.
Jørgen snakkar på inn og utpust og smiler nøgd då han blir kalla ung. - Eg er jo 38, so purung er eg vel ikkje lenger. Dessutan fekk vi faktisk beskjed om at vi var for gamle av Petre-Ruben, då han avslo vår førespurnad om å spele live på radio. Dei ville ha nokon som var yngre. So det gjer ikkje noko for oss om ein tel berre få Blackjazz, det kuttar jo 10 år med ein gong, og vi virker brått ikkje so hauggamle. Det kan jo vere positivt.
- Vi var jo eit band som hadde laga og gjett ut musikk lenge før vi ga ut Blackjazz. Dei to fyrste er ikkje ein gong mogleg å få tak i korkje digitalt eller på fysisk format. Eg hadde tenkt eg skulle få gjett dei ut på eit eller anna tidspunkt, men eg har ikkje hatt tid. Det er mykje meir moro å tenke på nye ting. Eg er dessutan veldig komfortabel med at dei ikkje er tilgjengelege. Sjølv om det er jo klart at det er morosamt å gå tilbake å sjå på det no i lys av historien og det vi har gjort sidan. So, dei to akustiske platene, so nummer tre og fire som var noko sære elektronika-greier, deretter kom Blackjazz i 2010. Eit livealbum, og to studioalbum til, og no Animal. Det skulle bli 8, 9, alt etter om ein reknar livealbumet eller ikkje.
Jørgen var ein del av Jaga Jazzist saman med vener og kompisar frå Tønsberg, men flytta omsider til Oslo for jazzstudier på Musikkhøgskulen, der Shining blei starta. No har dei blitt eit internasjonalt band med gitarist frå Finland, produsentar og tilknytta folk frå LA og London. Shining har hatt ulike konstellasjoner og medlemer, men Jørgen er den som har vore drivkrafta og den stabile bautaen heile vegen. Han har stort sett skrive tekst og musikk heile vegen sjølv, men no på Animal har han slept til andre i den kreative prosessen.
- No er vi to som har gjort det saman. Vi har ein ny bassist, eller; ikkje ny, men som kom med etter forrige plata, som heiter Ole Vistnes. Vi har meir og meir gjort alt saman saman. Både skriving av musikk og strategiting. Skal vi gjere dét eller dét. Som med denne nye plata, har vi diskutert mykje om "skal vi gjere det slik eller sann"? Og kva konsekvensane kan bli. Det har vore deilig. Vi er jo eit aksjeselskap, og vi må tenke litt på strategi og vegval, som sjølvsagt heilt klart er kunstnerisk. Eg orkar ikkje å forholde meg til å musikalske val på bakgrunn av økonomi. Det blir for vanskeleg. Det er ikkje noko problem å lage musikk som eg likar og som gjer det dårleg. Det er jo slik at ein kan lage noko som ein sjølv likar, men som likevel det går dårleg med. Det er uansett verre om ein lagar noko som ein ikkje likar og som det går dårleg med. Kva gjer man då? Det er tryggare å gjere noko ein likar og kan stå inne for. Musikken blir jo uansett til ut frå ei kjensle og eit ønske om noko ein har lyst å gjere.
Shining har hatt ein del stilskift sidan starten. Som nemnt har det vore akustisk jazz, elektronika og blackjazz. På Animal har dei nok ein gong skifta ham. Albumet er klinisk fritt for skrikande sax, og tempoet er sett ned fleire hakk på mange av låtene. Likevel er det ein umiskjenneleg eim av Shining over det. Kva skuldast denne rastløysa?
- Det er tydelegvis ein bit av ei personleg uro. Eg gjer jo enkelte sideprosjekt. Blant anna spelar eg synth for Emperor, og eg gjer framleis enkelte saxting med ulike andre innimellom. Det starta då eg studerte jazzsax på musikkhøgskulen, og då var det musikken til Coltrane i perioden 59-65 var det ypperste av musikken for meg. Slik ville eg òg spele. So gjorde eg mykje det, og då vi starta Shining ville vi spele slik musikk og var veldig dogmatisk og hadde reglar for kva vi fekk lov til å gjere. Det skulle blant anna ikkje vere noko elektronisk inne i det. Ingen moderne groove, og mange andre slike sjølvpålagte reglar. So blei eg lei av denne dogmatikken, kjøpte meg datamaskin og ville lære meg å produsere ting. So blei det eit par album med elektronika. Etter det kjøpte eg meg elgitar att og begynte å lytte til metal igjen. Både den gamle metalen og det nyare som var der og då. Eg dreiv og prøvde ut ting med trekk frå både metal og jazz, og det blei til sjangeren blackjazz. Etter det siste albumet med det, og vi skulle starte med ny plate, var eg lei av det og ville lære meg noko nytt. Samstundes følte eg at blackjazzuniverset var ferdig utprøvd, og eg ville lære noko nytt att. Eg var ferdig med det eg hadde gjort, og ville utvide horisonten. I tillegg var det ikkje inspirerande eller utfordrande lenger. So det er vel slik det har vore opp gjennom. Jazz. Brudd. Noko kunstrock/elektronika. Brudd. Blackjazz. Brudd. Og no Animal. Det er jo litt som normale folk som bytter jobb. Sjølv om ein er snekker, so biter ein selskap og kanskje bygger trapper i staden for å lage vindu. Dette er det jo ikkje berre Shining som gjer. David Bowie, Bob Dylan, Entombed, Miles Davies, Opeth, lista er lang med band som har endra seg og gått vidare i sjangerutforskinga si. Og har fått ein del pepper og tyn frå fans. Dette inspirerar meg. Det viser musikalsk ryggrad og integritet. Ein gjer ut musikk som sjølv likar. Ein skal hugse at ein skal fronte det. Robyn hadde jo ein periode der ho var borte frå musikkverda. Det var visst fordi ho blei pressa til å gje ut og framføre musikk ho ikkje likte sjølv, og ville heller slutte enn gjere det. For meg er det faktisk so enkelt at eg må berre gjere deg eg vil. På godt og vondt. Eg har jo skrive ein song om akkurat dette på One! One! One!. The one Inside. "I say no, you wanna go with the flow, but I'm the one inside, and I say no." Det handler om akkurat dette. Om å gjere det ein kjenner på innsida. Å gjere det ein veit innerst inne er riktig. Det er jo likevel ikkje slik at det er enkelt. Til dømes tok det tid med Animal. Kor langt skulle vi gå? Skulle det framleis kunne kallast blackjazz? Eller skulle vi dra den heilt ut og lage hip hop? Det var ikkje lett.
I 2017 var Shining på turné i Polen med The Dillinger Escape Plan då det skjedde ei ulykke. Turnébussen til TDEP blei påkøyrt bakfrå av ein lastebil og 13 stykk blei sendt til sjukehus. Heile bakdelen av bussen og ein tilhengar med instrument og konsertutstyr blei knust. Heldigvis var Shining ikkje involvert i ulykke, men turnéen fekk ein brå slutt.
- Turnéen blei kansellert etter to konsertar på grunn av det. Der blei vi ståande i Polen utan å vite kva som skulle skje. Det kosta oss ein heil del pengar for dag berre for ha bussen ståande, turnéen blei avlyst, vi måtte kjøpe nye billettar heim, og alt var berre kjipt. Ikkje hadde vi spelt noko særleg konsertar, ikkje solgt noko merch eller hatt andre inntekter. Ikkje fekk vi noko tilbake på forsikringa heller sidan det ikkje var vår buss som var påkøyrt. Det såg mørkt ut og vi var køyrt og slukøyra, og hadde to veker der ingenting virka særleg lyst då vi kom tilbake. Faktisk var det nummeret før det var kroken på døra. So sette vi oss ned i studio og tenkte at no var det berre å grønne på. NO gjer vi som vi vil. Det er ingenting å tviholde på no. Eg kjente at eg var i det headspacet der eg følte vi hadde ingenting å tape berre alt å vinne. Det er viktig for meg i den kreative prosessen. Eg tenkte ikkje på noko anna enn kva som var riktig for meg og for Shining. No var det nesten stopp uansett. Fuck it! Nu kor vi, jävlar! So blei det til Animal.
På dette albumet handlar nokre av tekstane om død og sorg, og han skriv om forholdet sitt til både far sin og son sin. Det er ganske utlevarande og personlege tekstar.
- Det klart det er krevande å vere so utleverende. Difor er det viktig at dei eg samarbeidar med er gode på tilbakemeldingar. Det er jo krevande å utlevere seg uansett, berre det å gje ut ei plate som ein sjølv likar; dette likar eg! Ein kan jo òg gå so langt som å seie "Dette er meg!". Og når noko då seier at dei ikkje likar det, seier dei jo indirekte at dei ikkje likar meg. Men det er kanskje mest utleverende under skriveprosessen. Då er det viktig at eg kan stole på dei rundt meg; at dei kan kome med kommentarar som er konstruktive. Og det krev jo mykje av meg det å kunne ta desse konstruktive tilbakemeldingane utan å gå heilt i kjellaren og stoppe heilt opp. Når det gjeld platekritikarane, er det ein annan sak. Eg er so sikker på at det eg lager er dritbra, og det tvilar eg aldri på. Det kan eg seie no meir enn nokon gong. Eg ser at det funkar og har fått stadfesta det frå andre. Og eg har jo blitt eldre og stoler meir på meg sjølv i tillegg. Det er jo dessutan slik at det går an å like forskjellige ting. Dessutan er det jo litt usikkert om god kritikk er bra for oss, og vice versa om dårleg kritikk nødvendigvis er dårleg for oss. Det blir nok sjølvsagt litt lettare å drive bandet med gode kritikkar, og positive anmeldelsar er jo iallfall ikkje negativt! Men eg har mista litt trua på kor viktig det er med gode kritikkar. Vi har hatt masse gode anmeldelsar, og har so masse kred at det er nesten vilt, men likevel har det vore vanskeleg å halde det gåande. Og negative kritikkar kan kanskje gjer det vanskelegare å selge billettar og drive bandet framover. Men kritikken på musikken bryr eg meg ikkje om. Eg veit jo at det er bra! Sjølv om eg blir jo litt oppgjett over folk som skal uttale seg om ting dei ikkje kan vite noko om. Om ting som berre eg kan vite.
Shining spelar nokre konsertar i Noreg no i samband med det nye albumet. Dei spelar på Hulen i Bergen 19. oktober på Høvleriet i Haugesund 20., Tau Scene i Stavanger 56., Østsida Kulturhus i Kristiansand 26. og på Parkteatret i Oslo 27. So går ferda vidare på ein intens turné i Europa i heile november.
Animal er ute 19. oktober.
FLERE INTERVJUER
Ny musikk fra stjerneskuddet Anna Lille
Anna Lille kan se tilbake på et strålende år. Nå slipper hun den nye singelen "Deathbed".
Fra surfeinstruktør til popartist
Se opp for Oslo-artisten RABO!
- Et skikkelig kick å være en gjeng igjen
Vidar Vang & Bandet er snart klare med et nytt album, og slipper ny singel i dag! >>
Bli bedre kjent med «Trondheims beste band»
Vi slo av en prat med The Impossible Green under årets by:Larm. >>
- Fortsatt mye vi ønsker å prøve ut musikalsk
Det prisvinnende metalcore-bandet Fixation slapp nylig et nytt mini-album, vi tok en prat med bandet om året som har gått og veien videre. >>
- Det beste er å høre hvordan låtene treffer folk
- Å vite at man har laget noe som folk kan kjenne seg igjen i er veldig godt, sier Nordicana-stjerneskuddet Nora Legrand. >>
- Lei av at vi ikke gjør noenting
Menneskehetens lys og mørke har inspirert Auroras nyeste musikk. Vi tok en prat med artisten om alt som ligger bak "What Happened To The Heart?" >>
– Håp er naivt, men nødvendig for endring
Kalandra om å være «slow-burner»-band, å synge på norrønt, og håp i mørket. >>
Årets by:Larm er rett rundt hjørnet
Torsdag til søndag denne uken settes musikkbransjens framtid i fokus. >>
Et dypdykk i universet som er Thomas Bergsten
- Jeg prøver alltid å dra med meg teater og kunsten inn i musikken. >>