Dødsmetall er ein vanskeleg sjanger. Teknisk har den sine klare utfordringar. Dette skal vere både hardt, kjapt og brutalt. Då gjeld det å halde tunga beint i munnen og ha god kondisjon. Spesielt for trommisen. Det er mange band i dødsmetallen som rett og slett ikkje har det som skal til for å ro dette i land. Når det gjeld Dawn of Azazel, er dette ikkje noko problem. Her er både aggresjon og tempo og det er godt gjennomført. I tillegg klarer dei å legge inn temposkifter og variasjon utan at det fører til oppstykking av musikken. Skjønt; dei er likvel ikkje dei mest tekniske gutane i klassa. Dei kan lære mykje frå band som Nile og Gorod.

Skal ein klare å skilje seg ut positivt i dødsmetall, lyt ein jobbe med det musikalske og skape sin eigen sound og egenart. Det fins ei heil bråte med band i sjangeren og det går minst 14 på eit dusin. Då seier det seg sjølv at det er lett å drukne i floraen av album som kjem ut kvart år. The Tides of Damocles har diverre ikkje nokon egenart over seg. Dette har eg høyrt før, kan du seie. Alle sjangeringrediensane er med. Blast beats, growling, taktskifter og aggressive gitarar, men det manglar det vesle musikalske ekstra som hadde gjort so mykje. Det er ingen ting på albumet som gjer at eg stoppar opp og tenker “Shit påmmfritt!”. Det er ikkje noko her som gjer at eg har lyst til å sette det på ein gong til. Kritikarar av sjangeren kjem ofte med at det er monotont og høyres ut som industristøy. Sjølv om eg ikkje er villeg til å gå so langt som å kalle dette støy, lyt eg nok innrømme at Dawn of Azazel har laga eit album som er både monotont og kjedeleg.

The Tides of Damocles kjem nok ikkje til å gå inn i historiebøkene. Slik dødsmetall som hamnar midt på treet vil alltid bli forbigått i stillhet. Eg trur nok likevel Dawn of Azazel skaper god stemming på konsertar og moshpiten vil nok vere full av ivrige og intense fans.