Av og til kunne eg veldig godt tenke meg å høyre musikken eg likar gjennom øyrene til andre. Til dømes ho mor sine. Mykje, vel stort sett alt eg høyrer på, framstår som meir eller mindre organisert støy for henne. Difor hadde det vore uhyre spanande å kunne høyre det gjennom henne for å finne ut av korleis det høyrast ut. Eller i det minste hadde det vore fabelakteg å kunne høyre til dømes dødsmetall for fyrste gong att! Eg hugsar min fyrste gong, om ikkje anna. Det var ein eller annan song av Napalm Death tidleg på 90-talet. Det var ei openbaring av tempo, gitarar, snerrande vokal og kjappe trommer i ein kakafoni av lyd. Lat det vere sagt at det tok litt tid før eg innsåg kor fantastisk denne sjangeren er, men du og du for ei beriking det har vore for mitt musikalske liv!
What Should Not Be Unearthed er ei slik plate eg kunne tenke meg å hatt som inngangsportal til dødsmetallen. Sjangermessig høyrer den til i undersjangeren brutal, teknisk dødsmetall, som alt anna Nile har gjett ut. Frå den fyrste takta av opningssporet, Call To Destruction, er det bånn gass og få kvileskjær. Bandet frå Sør Carolina, USA, med trommis Georg Kollias som hare, klarer å kombinere eit svimlande tempo med tekniske detaljar og ein musikalitet som det er få i sjangeren som klarer å matche. Nemnde Kollias må tilbakelegge minst ein maraton i løpet av ei slik plate. Stortommebeina hans går i eitt. Som trommestikker, årsåk eg kunne ikkje dy meg …
Joda, det er nokre rolege parti, som til dømes starten på In The Name Of Amun, men dette er berre eit stille før stormen. Og for å få med seg dei sedvanlege egytipske tonane som er eit slags varemerke for Nile. Bandet brukar dette grepet med hell i fleire av songane sine. Både på What Should Not Be Unearthed og tidlegare album. Fleire gongar medan eg høyrer på albumet tek eg meg i å tenke at dette er musikk som hadde vore perfekt som lydspor til ulike slagscener i filmar som Ringenes Herre.
Alt i alt er What Should Not Be Unearthed eit godt album, men ikkje heilt på høgde med min favoritt, Those Whom The Gods Destest. Likevel er dette ei plate som heilt klart er verdt å få med seg. Om ikkje anna enn for ei oppvisning i det beste brutal, teknisk dødsmetall kan vise til for tida.
Nile
What Should Not Be Unearthed
Deileg brutalt, brutalt deileg!
FLERE ANMELDELSER
Malabari - ...And Into The Abyss
Trønderane i Malabari fylgjer opp fjorårets plate, og går frå malstrømmen og ned i djupet. >>

















