Det er alltid høgtid over eit nytt album frå Slayer, og iallfall når det er 6 år sidan sist. Det er nok fleire enn meg som har venta i spaning på Repentless. Sjølv om det er eit par malurt i begeret denne gongen. For det fyrste er dette det fyrste albumet utan Jeff Hanneman som diverre forlot oss so altfor tidleg i mai i 2013 etter at levera hans takka for seg. For det andre har Dave Lombardo forlete trommene i Slayer. Atter ein gong. Denne gongen for godt ser det ut til. Paul Bostaph er ein god trommis, men det går rett og slett ikkje an å erstatte Dave i Slayer. Ferdig snakka!

Musikalsk er Repentless ikkje noko nybrottsarbeid frå Slayer. Det er no ein gong slik med Slayer at ein veit kva ein får. Det er meir eit spørsmål om kor mykje av det vi får. Sjølv om Lombardo og Hanneman ikkje er med lenger, er dette likevel Slayer av god gamal sort. Det er aggressivt, kjapt og ujålete. Faktisk minner dette meir om Seasons in the Abyss og South of Heaven enn på veldig lenge. Det er gledeleg i denne anmeldaren si bok!

Som dei fleste album treng Repentless eit par gjennomkøyringar før den openbarar seg. Eg skal innrømme at eg var litt skuffa etter å ha høyrt den ein fyrste gong. Om det kjem av at forventningane var høge, veit eg ikkje. Men etterkvart som eg har høyrt på songane, veks dei og det går meir og meir opp for meg at dette er litt tilbake til Slayer anno 1990-talet. Den har god variasjon i tempo og seighet og Repentless framstår som mykje betre og dynamisk enn på veldig lenge. Tom Arya har i tillegg fått tilbake desperasjonen og angsten i stemma.

Eg håpar Repentless blir eit musikalsk vendepunkt for Slayer. Sjølv om dette ikkje er nybrottsarbeid, er det likevel ei "return to form" for dei. Det er lenge sidan eg har kost meg so mykje med eit Slayer-album. Det har gode låtar frå start til slutt. Om eg likevel skal plukke ut eit nokre høgdepunkt, er det ikkje til å kome unna When the Stillness Comes, Vices, Pride in Prejudice og sjøvsagt tittelsporet Repentless.

Slayer er tilbake sintare og råare enn på lenge. Eg er imponert over at gamlekara framleis får det til. Eg skal til og med klare å oversjå at "repentless" ikkje er eit ord i den engelske ordboka, men eit ord Kerry King har laga, sikkert fordi det høyrast kult ut. Og det har han jo for so vidt rett i. No er det berre å glede seg til konserten 4. desember!