
Slipknot
We Are Not Your Kind
Slipknot er tilbake med sitt sjette studioalbum, og det har vorte ei blanda affære.
Det begynner greit nok, med introen Insert Coin, som glir over i Unsainted. Det er ikkje vanskeleg å forstå kvifor dette bandet har blitt så store. Det er hardt, fengjande, og allereie i første refreng, ganske melodiøst. Men allereie her er det noko som skurrer for underteikna. Uansett kor mykje godvilje eg legg til, så får eg ikkje det harde, men mjuke utrykket til Slipknot til å stemme.
Det er ei rar oppleving å høyre gjennom denne plata. Dei harde partia er metal av ypperste kvalitet, og funkar veldig bra. Det gjer også en del av dei litt rolige partia, men på ein del av dei fungerar ikkje komboen, i mine øyrer. Som til dømes i Critical Darling. Fantastisk bra metal i dei harde partia, men melodien i refrenget vert liksom litt for puslete, sjølv om eg forstår at det fengjer dei store massene.
Og det fins jo også fleire unntak, som trekk opp plata som heilheit. Første verkelege høgdepunkt i mine øyrer er Nero Forte. Her klarer bandet og kombinere stilane på ein god måte. Også Liar’s Funeral er eit fantastisk bidrag til den etter kvart store katalogen til bandet. I det Corey Taylor brøler ut ”LIAR”, treff det rett i ryggmargen umiddelbart. Og også her klarer bandet på ein fortreffelig måte å kombinere det rolige med det tunge.
Avsluttinga med Not Long For This World og den knallharde Solway Firth er også sterk, men totalt sett er det ikkje We Are Not Your Kind nokon umiddelbar klassikar. Men kven er eg til å dømme? Kanskje Slipknot veks på meg, og eg vert blodfan innan neste album kjem ut? Som det stod under videoen til Solway Firth på Youtube:
Fans: Slipknot is going soft
Slipknot: Releases Solway Firth
Amen to that!
FLERE ANMELDELSER
OMD - Bauhaus Staircase
OMD gjør som de har lyst og markerer sitt 45-årsjubileum på ypperste måte. >>
Steven Wilson - The Harmony Codex
Visjonæren innenfor progrock bryter alle regler og leverer et post-pandemisk mesterverk. >>
Adama Janlo - Misaligned
Brilliant og enestående begynnelse. En stemme det er vanskelig å glemme. >>
Kardang - Rizky Biznizz
Sørlandsbandet Kardang er ute med sin andre fullengder, og den gir deg rein, hard og pur rock ‘n roll. >>
Rival Sons - Lightbringer
Rival Sons gir ut sitt andre album for året, og Lightbringer står ikkje tilbake for det første. >>
Spurv - Brefjære
Spurv er tilbake med eit nytt og ambisiøst album, som imponerar med store orkester og tunge gitarar i skjønn harmoni. >>
Trevor Rabin - Rio
Forrige vokale soloalbum kom i 1989. 34 år, 50 soundtracks og 200 konserter senere knaller Trevor Rabin til! >>
Pseudo Fruit - Heavy Nydelig
En norsk trio med full klaff og tre rette: ferdigheter, referanser og kreativitet. >>