Satyricon
Satyricon & Munch
Metal og måleri i minneverdig makkerskap
Satyricon er kjent for å gjere som dei har lyst til og er ikkje redde for å bryte ny mark. Dei har tidlegare samarbeida med ulike artistar og ensembler som Anja Garbarek, Trondheimsolistene og Operakoret ved Den Norske Opera og Ballett. So at dei kastar seg inn kunstverda, burde vel ikkje kome som noka stor bombe på nokon. Dette spesialkomponerte verket blir kopla saman med eit utval av måleri og grafiske arbeid av den internasjonalt kjende Edvard Munch.
Dette har sjølvsagt skapt reaksjonar blant fansen. Underteikna var innom Facebook og såg på kommentarene som var lagt til under saka der bandet publiserte lenke til albumet. Det er mange som diggar albumet, og minst like mange som uttrykk stor skuffelse og indignasjon. Det er sjølvsagt heilt lov. Alle kan ikkje like alt. Og det trur eg Sigurd Wongraven og hans bandkumpan, Kjeti-Vidar Haraldstad, lev meget godt med.
Satyricon & Munch er eit nesten ein time langt stykke som bølger fram og tilbake i intensitet og i uttrykk. Det er ikke nokon vokal, men det fungerer meget godt likevel. Det er ein enorm dynamikk i verket, og det går fra pianissimo til fortissimo, og klarer å skape ei stemning som eg ser for meg passar som hand i hanske til dei mørke måleria til kunstnaren. No er ikkje eg nokon stor kunstkjennar, og veit kanskje ikkje so mykje om kunstnaren Munch, men etter det eg har fått med meg, var han ein person med mykje mørke og mange demonar. Det synest eg kjem meget godt fram i musikken.
Det var ein kommentar eg beit meg mest merke i på Facebook, og var for so vidt mest einig med. Det var ein som skreiv at "Ulver har ringt, og vil ha tilbake musikken sin". Det synes eg traff spikaren vinkelrett på hovudet. Eg høyrer både litt fra Ulver sitt Kveldssanger, men mest av alt frå den seinare perioden, og kanskje aller mest synes eg eg høyrer likhet med Blood Inside. Og det er ikke akkurat feil, spør du meg.
Satyricon & Munch har blitt eit imponerande stykke musikk. Eg er bergtatt frå fyrste tone, og kosar meg heile vegen gjennom dei 56 minutta albumet varer. Dette er kanskje det albumet Satyricon har gjett ut som har gjett mest gjenklang hjå meg. Eg har diverre ikkje vore på Munch-museet enno, men det er heilt klart at eg skal ta turen. Og det bør alle som likar musikk og kunst gjere. Dette er solide saker!

FLERE ANMELDELSER
Chelsea Wolfe - She Reaches Out To She Reaches Out To She
Chelsea Wolfe sitt syvende studioalbum er hennes sterkeste utgivelse på flere år. >>
Metteson - Look To A Star
Etterlengtet og solid debut etterlater oss tilstrekkelig forsynt heller enn sulten på mer. >>
Bokassa - All Out Of Dreams
Bomber og granater, kuler og krutt. Bokassa leverer blitzkrieg rock full av høyspenning. >>
Skvadron - Står i Flammer
Det nokså ferske bandet Skvadron er ute med sitt andre album, og det har vorte ei berg og dal-bane, fylt av energi, høge toppar, og eit par skarpe svingar. >>
Sivert Høyem - On An Island
Nordlys i lydformat. For å oppleve nordlys må man være tålmodig og i riktige omgivelser. Med det som premiss er Sivert Høyem ikonisk. >>
Marika Hackman - Big Sigh
På sitt første album på 5 år er Marika Hackman tilbake med et album som kan best beskrives som trygt. >>