El Caco
Uncelebration
Etter ein solid pause er El Caco igjen ute med ny musikk. Det har blitt litt nytt, men umiskjennelig likevel.
Heile 7 år har gått sidan førre plate med bandet, og sjølve seier dei at det ikkje følast slik ut, men at dei likevel tok seg litt ekstra tid denne gongen. Lydmessig har dei alltid vore mellom stoner/punk/hard rock ein stad, med ein lyd som er ganske lett gjenkjennelig. Og den lyden er heilt klart tilstade fortsatt, samtidig som ein kan høyre at det har kome noko nytt inn.
Dette høyrer ein allereie på dei to første spora. The Taste of Wine er rett i fjeset på deg frå start til slutt, men det er noko med lyden her som er frisk og ny. All In Favour er kanskje det tyngste sporet, og inneheld også ein heil del ulike parti. Etter ein kjapp start, kjem det beste partiet på plata, med The Contortionist, Inventor og Pockets. Tre låter som ved første lytt kanskje verka litt treige, men som veks noko voldsomt.
Spesielt Inventor og Pockets er veldig gode spor, som har gode og progressive vers, som munnar ut i refreng som er melodiøse og som set seg på hjerna etter du har høyrt dei. Oxygen Loss og Uncelebration viser ei meir sårbar side, og slik sett leverer El Caco ei variert og solid plate. Her er det raske tunge låter i starten, med element av både punk og tyngre metal, og seigare saker utover plata, med element frå stoner og grunge.
Og det følest ektefølt ut, og dei noko mørke tekstane passar perfekt til det seige og tunge lydbildet. Eit lydbilde som ikkje mange andre i Noregs rockelandskap klarer å matche. Dette gjorde at underteikna brukte litt tid på å kome tilbake inn i det, men når ein først får taket på det, er Uncelebration eit skittent og ektefølt rockeplate.
Og som avslutning kjem det ei fantastisk låt som skil seg frå alle dei andre, In Pieces. Denne visa har ei ektefølt og ærleg tekst, og er mykje roligare og lettare enn resten av plata. Og den oppsumerar også plata på ein flott måte, både musikalsk, men også tekstlig, om tapt kjærleik, vennskap og sjølvforrakt. For dette er som nemnt, ei plate, og eit band, som verkeleg klarer å formidle denne sjølvforrakten, gjennom heile plata, og nettopp difor har kanskje den fått tittelen, Uncelebration. Som eg har høyrt fleire sagt, det er godt å ha El Caco tilbake!

FLERE ANMELDELSER
Kevin Morby - More Photographs (A Continuum)
Mye mer enn en kompanjong til fjorårets sterke album. >>
Harald Otterstad og Tor Andersen - Aunt Mary - Never Stop Your Wishful Thinking
Forbilledlig biografi om et av Norges beste 70-tallsband >>
Perry Dear and the Deerstalkers - Oh Dear! Perry Dear and the Deerstalkers in London
Bra 60-tallsretro fra norsk band >>
Honey Dijon - Black Girl Magic
Klassisk housemusik med attityd, och som får folk att stampa fötter. >>
The Tallest Man on Earth - Henry St.
Svenske Kristian Matsson, bedre kjent under artistnavnet The Tallest Man on Earth, har gått fra soloprosjekter til å spille inn sitt nyeste album med et komplett band. >>
Metallica - 72 Season
Du veit kva du får, men legendene i Metallica imponerar likevel med 72 Seasons >>