Eit av årets mest etterlengta album for mange kom ut fredag, då Ghost kom med oppfylgjaren til Meliora frå 2015. For underteikna var det også tilfellet, og spenninga var høg då eg tok på meg headsettet 00.20 natt til fredag, for å ta første lytt til det nye opuset frå det særeigne bandet frå Linköping i Sverige.

For dei uinvidde er Ghost eit band som har vekt stor oppsikt dei siste åtte åra, mest på grunn av tematikk om satan, gud og religion, samt eit anonymt band, med okkulte kostymer. I fjor vart identiteten til personane bak bandet kjent, då medlemmane saksøkte frontmann og mesterhjerna bak prosjektet, Tobias Forge, for manglande betaling for den musikalske verksemda. Samtlige slutta også i bandet, bortsett frå Forge, og beskylda han for å gjere bandet om til eit soloprosjekt, og ta med seg store delar av den økonomiske fortjenesten i tillegg.

Til tross for dette har no Forge og ein heil drøss av innleigde musikarar spelt inn Prequelle, og det har vorte ei mykje lettare affære enn sine forgjengarar, reint musikalsk. Her er det mykje meir piano, synth og ikkje minst ei reinspikka diskolåt. Plata åpnar med introen Ashes ei jentestemme som syng den nokså kjente barnesangen Ring a-ring O’Rosies, før små bjeller ring sakte inn riffet til singelen Rats. Ei passande up-tempo åpningslåt, som gjer si nytte, men ikkje skil seg nevneverdig ut. Påfølgande låt Faith er derimot det næraste ein kjem Ghost slik vi kjenner dei frå sine tre første album. Tungt, mektig, og med ei djevelsk tekst om det som kan høyrest ut som Svartedauden.



Slik ynskjer nok mange at resten av plata også skulle ha vore, men Forge har uttalt at han for kvart album vil prøve å gjere noko litt nytt. Nettopp det gjer han med See The Light, som må vere den roligaste låta bandet har laga hittil. Ved første lytt kan det virke som ein oppfylgar til den mektige He Is frå Meliora, men dette er likevel ei låt som fint klarer å stå på eigne bein også. Melodien her er nok kanskje den sterkaste på plata, og nettopp denne meloditeften er ein stor grunn til at Ghost har blitt så store som dei har blitt.

Det som høyrest ut som avsluttninga på side A av Prequelle er eit noko overraskande instrumentalspor, som med det første virkar litt repetativ, men som ved fleire lytt, passar perfekt inn i heilheita til albumet. Og sei kva du vil om saksofon, men i mine øyrer er det nesten aldri feil med ein saksofonsolo, så heller ikkje i Miasma. Og der eg tippar side B startar, kjem det veldig passande inn ei diskolåt, i form av Dance Macabre. Også den er veldig overraskande satt opp mot kva vi har høyrt frå Ghost tidlegare, men også den veks veldig, og framstår som ei av platas høgdepunkt.

Pro Memoria fører lyttaren tilbake til eit noko meir kjent landskap, og leverar kyrkjeleg korsong og eit mektig refreng, som har lett for å sette seg fast i hjernebarken. Witch Image er ei mykje meir standarisert rockelåt, med ein flott melodi, som fort kunne vorte ein hit med eit glam-rockband på 80-talet. Ein ny instrumental kjem som nest siste spor, og den svært koselig titulerte Helvetesfonster er reinspikka middelaldermusikk, ispedd ei go dose synth og progrock. Igjen er det mange element her som isolert sett ikkje hadde fungert så godt, men det bygger fantastisk opp til avsluttinga, i form av den nydelige Life Eternal. Den er eit perfekt eksempel på korleis Ghost dreg deg inn i sin verden, og lar deg leve deg fullt og heilt inn i den, om du let det skje.

Prequelle er eit av dei albuma eg ikkje likte ved første lytt, men som eg no er på god veg til å elske. Frå å syntest det heile var for mykje pop og synth, er eg no fengsla av dei fantastiske melodiane og dei mektige refrenga, og er imponert over at Ghost har gjort noko nytt, men likevel levert så godt. Og sjølv om kanskje ikkje alle låtane står like sterkt åleine, står dei veldig stødt saman som ei plate. Eg gler meg til å sjå Ghost varme opp for Guns ’N Roses 19. juli, og ser fram til enda meir god musikk frå dette fabelaktige bandet i framtida.