Rival Sons
Feral Roots
Rival Sons går nye vegar med sitt sjette album
Gjengen frå Huntington Beach, California har etter kvart vorte ein nokså rutinert gjeng, åtte år etter det store gjennombruddet med Pressure & Time. Den plata var rein og pur retrorockperfeksjon, og dei har aldri heilt nådd opp til det nivået gjennom ei heil plate.
Denne gongen vart det ganske tydeleg, heilt frå fyrste singel Do Your Worst, at dei har prøvd å gjere noko heilt nytt. Lyden er ny, uten at det går an å heilt sette fingeren på kva som er nytt. Dei har, som tidligare, ein del eksperimentelle element, og mange av låtene er i ein stil som vi skjeldan har høyrt frå denne gjengen tidlegare. I botnen ligg likevel fortsatt dei klassiske rockeriffa, og den bunnsolide rytmeseksjonen, og det er tydeleg at dei prøvar å forene nytt og gamalt.
Det lykkast dei dessverre ikkje heilt med. Dei fleste låtene har enten eit godt refreng, vers, melodi eller riff, men kun eit fåtal klarer å innfri på toppnivået til bandet. Dei skal ha ros for å prøve å utvikle seg vidare som band, og på dei to siste låtene, End of Forever og Shooting Stars, set det som det skal. Førstnevnte er en intens og umiddelbar ny klassikar, mens sistesporet er ei salig og mektig gospellåt. Ellers er det nesten med ein del låter, som Look Away, Feral Roots og Do Your Worst, mens Imperial Joy og All Directions desverre er ganske kjedelige.
Feral Roots har vorte ei ujamn affere, men til tider klarer Rival Sons å kombinere sine nye element med sin beste retrorock. La oss håpe det går heile vegen på neste plate.

FLERE ANMELDELSER
The Cruel Intentions - Venomous Anynomous
The Cruel Intentions er tilbake med si andre plate, som leverer ein finfin kombo sleazerock og metal. >>
Sigrid - How to Let Go
Den sunnmørske popartisten viser at det andre albumet ikke behøver å være vanskelig likevel. >>
Erlend Ropstad - Gleden & Sorgen
Erlend Ropstad leverer varene igjen, selv om Gleden & Sorgen ikke når helt opp til de forrige utgivelsene >>
Wet Leg - Wet Leg
Wet Leg lager leken indie for de som elsker indie, og som også kan konvertere skeptikerne. >>