For underteikna var bandet totalt ukjent då forespørselen om å skrive denne omtalen kom. Men for en positiv oppdagelse det har vore! Det kjekkaste med ny musikk er heilt klart den som slår rot umiddelbart, men som likevel fortsett å vokse på deg. Slik har det vore med denne plata.

Edocer eksisterte først som bandet Coins and Eyelids, og i ein del år berre med to medlemmar, Håkon Øiestad (gitar og vokal) og Asaad El Andaloussi (Bass). Dei to hadde mange andre prosjekt, men satsa etter kvart meir på sitt eige band. Dei fekk inn ein trommis, gav ut EP-en Drained, og endra navnet til Edocer.

Bandet skifta nyleg ut trommis, då Bjarte Rossehaug forlot bandet. Og med inntoget av den nye mannen, Martin Karlsen, vart det danna ein heilt ny kjemi og gnist for bandet. Bandet seier dei at dei fann tonen umiddelbart, og at det førte til lange øvingar, nye låter og god stemning. Det er ikkje vanskeleg å høyre igjen dette i musikken.
Dette er ei veldig fin blanding av stoner, grunge og melodiøs, moderne hardrock, som kastar det eine krumspringet etter det andre på deg.

Det startar rett nok ganske beint fram, med Lick the Sun. Denne er ei perfekt åpningslåt, og er noko av det bedre underteikna har høyrt på ei stund. Rett og slett perfekt hardrock! Åpninga vert etterfylgt av den meir dynamiske Perfectly Scarred. Her virkar det litt som om låta skal stoppe opp, men så opnar den seg fint opp, og har ein veldig passande slutt på oppbygginga og nerven fram dit i låta.

Still Breathing og Midnight Highway held drivet fint oppe, og viser også at bandet har mange ulike musikalske krumspring i ermet. Noko fungerar bra, mens andre ting kanskje vert litt ”Over the top”, men eg høyrer mykje heller på band som tør å prøve, enn dei som ikkje gjer det.

Og det meste her fungerar bra! Eit godt eksempel er Saturnine, som har ei veldig fin oppbyggning som låt, og som er opp imot like bra som åpningssporet. Strawman og Wolf følgjer opp, og sistnevnte er verkeleg ei oppvisning i forskjellige temposkifter, overgangar og fantastiske riff! Akkurat dette står ikkje tilbake for noko anna hardrock innan denne sjangeren her til lands i alle fall!



Og då du trur overraskingane er forbi, blir ein servert Try, ei akustisk ballade som ei perfekt avrunding av plata, som like gjerne kunne vore utgitt i 1991. Dette osar så mykje av grungetida at ein kunne tru det var ei coverlåt, dersom ein ikkje visste betre!

Totalt sett har Edocer levert ei veldig energifyllt, dynamisk og heilstøpt debutplate. Dei spelar ein sjanger som fort kan verte kjedelig å høyre på i lengda, men klarer å ha nok energi og speleglede til at det vert interessant. Og sjølv om ein ikkje får taket på alle låtene umiddelbart, veks dei fleste på deg. Eg gler meg til meir musikk frå denne trioen, og håpar dei spelar ein konsert nær meg snart!