Murder Maids vart fort beskrive som eit av dei mest lovande banda innanfor rock, punk og hardcore, då dei debuterte med plata Knives Out for drøyt to år sidan. Og no er altså oppfølgaren klar, og Dance or Die er nok eit bevis på at dette er eit av dei beste banda i Noreg innan sin sjanger akkurat no.

LES OGSÅ: Nykomarane i Murder Maids har laga eit historisk godt punkalbum!

Det startar knallhardt og perfekt med Reaping, og umiddelbart tenkjer eg at dette er hakket meir aggressivt og kjappare enn på førre plate. Men det svingar framleis bra! Slik held det fram i ei 3-4 spor, før ting endrar seg litt på Two Faced. Her er det litt roligare, i alle fall i starten av låta, og ein variasjon til den frenetiske starten på plata.



Så kjem det eit ganske uventa element, med ein slags «skit» der to personar snakkar om Hardcore Workout. Eit artig innspel, og her kjem tankane litt tilbake til førsteplata, som hadde mykje humor i seg.

Artige tekster er det også her som Loud, Lewd and Lazy og Sexual Vacation. Og riffa er også meir varierte i andre del av plata, som på tittellåta D.O.D, som kan minne om eit heavy metal riff. Så elementa frå den første plata er absolutt til stades, men likevel er denne ikkje like variert som den første var. Med det sagt er dette slett ikkje noko dårleg plate, den er berre mykje meir retta mot hardcore/punk-sjangeren.

Og difor er dette ei plate som absolutt er veldig godt gjennomført, sjølv om eg likte debuten enda betre. Så dersom du vil ha ein skikkeleg fest på klubbscener her til lands, bør du møte opp på turneen til Murder Maids denne våren. Det vert garantert varmt, hardt og høgt!