Det er ikkje ofte det dukkar opp nye band som imponerar slik som Murder Maids har gjort. Så enkelt er det. Ofte er det lovande takter, og ting som er interressante, ved nye band, men her er det mykje meir. Her er framtida til norsk punk.

For meg var bandet ukjent, heilt til Egon Holstad roste dei opp i skyene i sin omtale av debutplata, Knives Out. Han anbefalte alle å høyre dette bandet, og som sagt, så gjort. Og gud bedre for eit album! Som nevnt over, er dette bra, og det er ikkje berre bra fordi dei er ferske, det er bedre enn alt anna innan denne sjangeren i Norge, kanskje sidan Turboneger gav ut sine første plater.

LES OGSÅ: Murder Maids blant årets mest spennende debutanter

Greit nok, no er eg ingen ekspert på punk, hardcore og andre beslekta sjangrar, men av det eg har høyrt av norske band, er det lite som slår dette her. Førsteinntrykket eg fikk var ei blanding av The Clash, Sex Pistols, Ramones og Iggy, samt ein god slump nyare hardcore/punk. Og det høyrest både nytt og gamalt ut! Uten at det blir rart!



Dei to første spora sett fint tonen, uten at dei er revolusjonerande på nokon måte. Men det skal jo heller ikkje punk vere. Men med Bleeding Skin, begynner virkelig noko magisk. Ei fantastisk låt, som berre subbar avgårde, og har ein heilt fantastisk vokal, som høyrest ut som gammal engelsk punk. Akkurat slik! Det høyrest kanskje enkelt ut, men det å få det ”enkle” til å høyrest så sjukt kult ut, er eit kunststykke.

Og med Surf & Skate viser bandet også ei anna side, med ei hærleg ska-låt, som igjen, ikkje høyrest ut som en kopi, men som noko ekte, og originalt, som lett kunne vore skrive for 40 år sidan av eit band i England. Og slik køyrer dei på, resten av plata.

Men plutselig kjem det nok ei vending, med ei kort, instrumentallåt, med den geniale tittelen Ritalinterlude. Den går over i ei enkel, men effektiv avsluttningslåt, som må kunne kallast signaturlåta til bandet: Murder Maids. Og så effektivt kan ei plate avsluttast!

Eg er sikker på at dette bandet også berre har vist litt av det potensialet dei har i seg, men denne plata vil truleg stå som ein liten klassikar i seg sjølv, sjølv om bandet kjem med andre, gode album i framtida. I mi bok er det i alle fall ei historisk god norsk rockeplate!