
Spurv
Brefjære
Spurv er tilbake med eit nytt og ambisiøst album, som imponerar med store orkester og tunge gitarar i skjønn harmoni.
At naturen er ein inspirasjon, er ikkje å legge skjul på. Og hovudlåtskrivar, Gustav Jørgen Pedersen, seier han nyleg flytta til Tromsø, og vart inspirert av naturen der. Brefjære innkorporerar mykje klassisk musikk, delt inn i 4 ulike delar. Desse er symbolisert på albumcoveret, med eit tre, to blad, ein sommarfugl og eit fjell.
Det startar roleg, med ein lang intro, som fungerer fint som innleiing på albumet. Dette blir fylgt opp av det ein kan kalle hovudtemaet på plata, i En Brennende Vogn Over Jordet. Ei massiv låt på over 9 minutt, som har ei voldsom oppbygging, som fungerer bra. Som Skyer tek det heile ned igjen litt, noko som trengs, og passar godt inn. Ei kort mellomlåt, Under Himmelvelvingen, fungerer som ein overgang midt i albumet.
Til en ny vår er også av det rolege slaget, men har ei vanvittig oppbygning, og er eit nydeleg verk. Urdråpene samlar trådane, og tek opp at temaet frå En brennende vogn over jordet. Og Din pust fra stein avsluttar plata på ein fin måte.
Alt i alt har Spurv laga eit imponerande stykke musikk. Men dei har som mål, som dei seier sjølve, å lage musikk som varer. Det gjer også at det ikkje er den enklaste musikken å like, og det er tydeleg at dette er for dei spesielt interesserte, og krev mange lyttingar før ein får det under huda. Mange av oppbyggingane fungerer godt, men til tider kan det også verte litt mange repitisjonar, sjølv om dette er ein del av sjangeren. Og godt er det, at ikkje alle er like, og at vi har band som tør å lage musikk som utfordrar!
FLERE ANMELDELSER
OMD - Bauhaus Staircase
OMD gjør som de har lyst og markerer sitt 45-årsjubileum på ypperste måte. >>
Steven Wilson - The Harmony Codex
Visjonæren innenfor progrock bryter alle regler og leverer et post-pandemisk mesterverk. >>
Adama Janlo - Misaligned
Brilliant og enestående begynnelse. En stemme det er vanskelig å glemme. >>
Kardang - Rizky Biznizz
Sørlandsbandet Kardang er ute med sin andre fullengder, og den gir deg rein, hard og pur rock ‘n roll. >>
Rival Sons - Lightbringer
Rival Sons gir ut sitt andre album for året, og Lightbringer står ikkje tilbake for det første. >>
Trevor Rabin - Rio
Forrige vokale soloalbum kom i 1989. 34 år, 50 soundtracks og 200 konserter senere knaller Trevor Rabin til! >>
Pseudo Fruit - Heavy Nydelig
En norsk trio med full klaff og tre rette: ferdigheter, referanser og kreativitet. >>