Det 13. studioalbumet til Enslaved, In Times, blei slept 10. mars. Det er eit nytt kapittel i progifiseringa av vikingmetallen Enslaved har vore fanebærarar for sidan dei starta.

Etter å ha lytta gjennom In Times set eg att med ein litt uggen smak i munnen. Ikkje på grunn av musikken, men meir fordi plata får meg til å kjenne på hyklaren i meg. Instinktivt tenker eg at denne plata ikkje er særskilt original eller nyvinnande. Kvar er det nye? Kvar er den gode utviklinga? Eg finn ikkje mykje her som ikkje har den distinkte Enslaved-sounden. Det er litt skuffande at Enslaved ikkje har meir nytt å melde. Joda, det er nokre fleire prog-element her enn på Ritiir og dei føregåande albumene. Det er enno litt meir klarvokal enn før, men likevel er det lett gjenkjenneleg. Det er liksom ikkje nok å berre få Herbrand Larsen til å synge meir for at det skal vere nyskapande. Det skal óg meir til enn at same Herbrand får meir plass til synthen sin i lydbildet. Vi har høyrt dette før, kan du sei.

På den andre sida tek eg meg i å tenke at Enslaved var betre før ... Eg lyt innrømme at dei ikkje har levert noko på høgde med Isa sidan, ja; Isa. Dette tyder på at eg ikkje er heilt enig med meg sjølv. Om alt var so mykje betre før, kvifor blir eg skuffa når det ikkje er meir utvikling i det musikalske sidan sist? Korleis kan eg både sakne utvikling samtidig som eg vil at alt skal vere ved det gamle? Eg kjenner at det ikkje er godt å helse på hyklaren i meg.

Når det er sagt, In Times er ei god plate og eg er rimeleg sikker på at fansen kjem til å like henne. Det er ikkje til å kome i frå at Enslaved er musikalsk meget kompetente. Og kombinasjonen av growlinga til Grutle Kjellson og klarvokalen til Herbrand Larsen fungerar godt, sjølv om det kan bli litt kjedeleg med dei litt for lange strekkene med klarvokal. I tillegg er Enslaved flinke til å bryte opp lange låtar med taktskifter og endringar i stemning. One Thousand Years of Rain er eit godt døme på dette. Her er óg Einar Kvitrafn Selvik med og sette eit ekstra norrønt preg på det heile. Denne låta er nok den beste på albumet. Av same grunn likar eg godt at dei brukar koringa på fleire songar, blant anna det siste sporet Daylight, til å understreke inspirasjonen frå vikingtida.

Når eg konkluderar med at dette var ei Enslaved-plate heilt på det jamne, tek eg meg i å lure på om det er fordi det er akkurat Enslaved at eg synest dei har landa ein stad rett over midt på treet? Kan det vere at eg har for store forventningar til at dei skal levere noko banebrytande kvar gong dei kjem med nytt album (som dei diverre ikkje har gjort sidan nemnde Isa)? Er eg rett og slett for feig til å innrømme at sjølv om Enslaved lagar musikk av høg kvalitet, er dette ikkje noko eg vil dra fram dei sterkaste superlativene for? Enslaved kjem til å lage fleire album som er av dette kaliberet og det håpar eg virkeleg dei gjer. For det er verdt å høyre på og eg likar det. Det er berre det at eg kjenner at In Times ikkje kjem til å få overdrive med speletid hjå meg.