Slash
Living The Dream
Slash leverar eit heilt greit album, men med eit veldig bra band!
Slash er ute med sitt fjerde soloalbum, og det tredje med Myles Kennedy & The Conspirators. Living The Dream er den klingande tittelen, og det første etter gjenforeninga av Guns `n Roses. Musikken er fortsatt ganske streit moderne hardrock, og denne gongen er så og sei alle låtene korte og konsise, men med mykje melodi.
Umiddelbart høyrest det friskt og nytt ut, i alle fall dei første 3-4 låtene, ved første lytt. Det som også slår meg, er at miksen og låtane er prega av mykje bass, vel så mykje som gitaren. Det høyrest veldig bra ut, og mange av låtene er gode, men ikkje så mange skil seg ut. Åpningssporet Call of The Wild er nok det som gjer det mest, men også My Antidote, Mind Your Manners og Lost inside The Girl er låter som er hardrock på sitt aller beste anno 2018.
Totalt sett er det veldig mange heilt greie rockelåter, der mange har gode vriar og parti som hevar det som kunne vorte mykje kjedeligare verk i hendene til eit anna band. Det er veldig liten tvil om at dette er eit orkester det luktar svidd av, og det er deilig å høyre. Saul Hudson, aka Slash, er sjølvsagt stjerna, og leverar fortsatt gnistrande soloar.
Likevel vert det mange like låter med lik lyd gjennom ei heil plate. Bandet og produksjonen hevar det, men det er likevel mykje med 12 låter som liknar såpass mykje. Eg sleit med å komme gjennom plata i ein lytt, nettopp på grunn av mange like låter. Man skal vere veldig glad i denne musikken for å ikkje gå litt lei mot slutten! Men alt i alt, ei heilt grei plate, av eit veldig bra band.

FLERE ANMELDELSER
Jon Anderson & The Band Geeks - Live – Perpetual Change
Holder stemmen til ex-Yes-vokalisten på 80? >>
Beck - Singler og medvirkelser 2020-2025
Etter 6 år uten album fra Beck, men en rekke singler og samarbeid, er det på tide med en samlet anmeldelse >>
Yndling - As Fast as I Can og It's Almost Like You're Here
Noen har hvisket Yndling noe i øret om produsering >>
Sharon Van Etten - Sharon Van Etten And The Attachment Theory
Suksessfull kollaborasjon i splittelsens tid >>
Avantasia - Here Be Dragons
I over 20 år har Tobias Sammet invitert ulike artistar til sitt Avantasia-prosjekt. Denne gongen går han tilbake til røtene. >>
Levi Henriksen & Babylon Badlands - Aldri var november så lys
Tidenes første livealbum fra Kongsvinger >>
Ulver - Liminal Animals
Ulver leverer framleis musikk på sin måte og med høg kvalitet på Liminal Animals >>