Unplugged av Beaten to Death er norsk grindcore. Plata sleppast 9. oktober. Ein kjapp definisjon for dei som ikkje kjenner sjangeren: Grindcore er ein rask, dissonerande og ekstrem musikkstil som vanligvis kombinerar crust punk med thrash metal og dei raskaste, mest ondskapsfulle variantane av hardcore. Låtane har høgt-tempo, er korte, med lav-tuna gitarar, blastbeats, og vokalstilar som spenn frå roping, growling, og skriking. Unplugged oppfyller kravene. Med god margin!

Eg har aldri vore ein stor fan av sjangeren. Det blir for masete og monotont. Songane får aldri tid til å bygge seg opp og all bruk av dynamikk blir umogeleg. Eg likar songar som rullar fram og tilbake mellom ulike stemningar og partier.

Om eg likevel skal prøve å legge til side eigen smak og seie noko meir eller mindre objektivt om Unplugged, er det ikkje til å stikke under stol at dette er heilt på høgde med det eg har høyrt i sjangeren frå før. Det er ekstremt aggressivt og har eit svimlande tempo utan at det går utover treffsikkerheta og presisjonen til bandet. Dette er gutar som trakterer instumentene sine meget godt. Grindcore er ein sjanger som det er lett å avfeie med ”Dette kunne vel alle som har tatt i eit instrument klart å lire av seg. Er det ikkje berre å rope og skrike og hamre laus på instrumentene, då?” Det er ikkje. Iallfall ikkje når det er utført på ein slik gjennomført og teknisk god måte som Beaten To Death gjer det. I tillegg skal du ha litt kondis for å fikse det so godt!

Er du glad i grindcore vil nok Unplugged bli eit høgdepunkt i 2015. Eg klarer ikkje heilt å bli van med sjangeren og det bær nok karaktergjevinga mi preg av.