
Thulsa Doom
Stonerrockarane i Thulsa Doom er tilbake etter mange års stillhet
Musikalsk har dei returnert til stonerrocken frå Spellemann- og Alarmnominerte ...And Then Take You to a Place Where Jars are Kept frå 2003. Plata er fylt av feite riff som minner om band som Kyuss og Black Sabbath, og som eg tippar desse to bandene lett kunne stått inne for! Elles er det musikalsk veldig likt Black Debbath. Det er nok ikkje so rart sidan halve bandet er med i det bandet òg. Og her ligg litt av det eg slit mest med med albumet. Det blir so likt BD at eg ikkje heilt klarer å skilje dei. Bortsett frå det sjølvsagte at Thulsa Doom syng på engelsk, men vokalen er veldig lik Lars Lønning frå BD.
Noko anna eg slit med er at eg ikkje heilt klarer å finne ut av om Thulsa Doom er eit humorband på same måte som Black Debbath. Ikkje at det gjer noko for det musikalske.
A keen eye for the obvious er heilt klart best der låtane er fulle av tempo og røffe riff, som til dømes Lady Nina og Wrap the Bad Up medan dei rolege, kanskje balladeaktege Consider Me og Bag of Fries fell heilt gjennom. Det blir for kjedeleg og for lite futt. Totalt sett blir A keen eye for the obvious for ujamn for meg. Det går for mykje opp og ned, frå riffete og kjapt til roleg og kjedeleg. Når det er sagt er produksjonen av albumet meget bra. Eg likar gitarlyden i riffa veldig godt, og generelt er heile lydbiletet mykje tettare, og fyldegare enn tidlegare, som til dømes på ...And Then Take You to a Place Where Jars are Kept der den nesten er litt spinkel.
Eg veit at eg nok no hissar på meg mange Thulsa Doom-fans der ute, men dette held ikkje heilt for meg. Er du ute etter god stonerrock, ville eg nok holdt meg til dei gode gamle, tør eg foreslå Blind av Corrosion of Confirmity?
FLERE ANMELDELSER
OMD - Bauhaus Staircase
OMD gjør som de har lyst og markerer sitt 45-årsjubileum på ypperste måte. >>
Steven Wilson - The Harmony Codex
Visjonæren innenfor progrock bryter alle regler og leverer et post-pandemisk mesterverk. >>
Adama Janlo - Misaligned
Brilliant og enestående begynnelse. En stemme det er vanskelig å glemme. >>
Kardang - Rizky Biznizz
Sørlandsbandet Kardang er ute med sin andre fullengder, og den gir deg rein, hard og pur rock ‘n roll. >>
Rival Sons - Lightbringer
Rival Sons gir ut sitt andre album for året, og Lightbringer står ikkje tilbake for det første. >>
Spurv - Brefjære
Spurv er tilbake med eit nytt og ambisiøst album, som imponerar med store orkester og tunge gitarar i skjønn harmoni. >>
Trevor Rabin - Rio
Forrige vokale soloalbum kom i 1989. 34 år, 50 soundtracks og 200 konserter senere knaller Trevor Rabin til! >>
Pseudo Fruit - Heavy Nydelig
En norsk trio med full klaff og tre rette: ferdigheter, referanser og kreativitet. >>