Wardruna
Kvitravn
Messande, mektig og magisk
På Kvitravn, det femte albumet til Wardruna, tek Einar Selvik oss med djupare inn i den norrøne verda. Lat att augene dine og drøym deg tilbake til mjødfylte festar i langhus eller til hypnotiske sjamanritualer i djupe skogar.
Warduna har sidan starten med gap var Ginnuga - forståeleg nok - fått stempelet "vikingmusikk", men Selvik sjølv er ikkje heilt nøgd med denne merkelappen. Han seier i eit Zoom-intervju med pressa før jul at han synes dette er ein litt for snever og upresis skildring av musikken. Han bruker sjølv å kalle det for norrøn musikk, sidan det får med seg enno meir av inspirasjonen og tidsepoka Wardruna prøver å gjenskape.
Kvitravn har blitt eit gjennomført godt album som ligg mykje meir opp mot dei tre albuma i triologien Runaljod enn det førre, rolegare og nedtona Skald. Det kan nesten reknast som ein oppfølgjar til dei tre albuma som var ein gjennomgang av runene i den eldre Futarken, sjølv om dei 11 låtane på Kvitravn sirklar rundt tema som Norrøn trolldom, åndedyr, skuggar, og visdom og meiningar i enkelte myter, samt relasjonen mellom soger og songar, og ikkje spesifikt om runer og innhaldet i desse.
Selvik imponerer nok ein gong med innlevelse og dedikasjon til musikken. Med instrument som lur, bukkehorn, lyre, taglharpa, fløyte og trommer skaper han saman med resten suggerande og hypnotiske tonar. Albumet er gjennomgåande godt produsert og klarer å skape ei god atmosfære. Det er spesielt tre låtar som eg synes skil seg ut (utan at nokon av dei er heilt der oppe med UruR frå Ragnarok): Kvitravn, Skugge og avslutningssporet Andvevarljod.
Albumet er ute i dag, 22. januar.

FLERE ANMELDELSER
Hilma Nikolaisen - Heritage
Etter to lovprisa rockealbum er no den nedstrippa og så godt som akustiske tredjeplata ute. Det har vorte ei unik og melankolsk plate. >>
The Hold Steady - Open Door Policy
Craig Finn og kompani holder stødig kurs i kjente musikalske farvann, men tekstene får dem i ubalanse. >>
Clap Your Hands Say Yeah - New Fragility
Alec Ounsworth blir mer politisk, og utvider sitt musikalske lydbilde. >>
Annette Gil - Teenage Rage
Glem Lady Gaga! Hils på Lady Gugu og alle de andre damene i Annette Gils univers! >>
Death By Unga Bunga - Heavy Male Insecurity
Ingenting er usikkert når det kommer til denne gjengen >>
Wig Wam - Never Say Die
Velkommen tilbake Wig Wam, vi visste det kanskje ikkje sjølve, men gud kor vi har savna dykk! >>